På føtene:

Gjendehø ligg 1257 m.o.h. og utgangspunktet for turen er parkeringsplassen ved nedre Leirungen. Du kjører sørover frå Bessheim, og eit par kilometer etter at du har kryssa Sjoa går det ein bratt grusveg ned til høgre. Her kan du parkere og du går gjennom grinda og over brua til nedre Leirungen. Stigen er ikkje merka, men går på sørsida av Gjendehø. Etter ei stund går stigen nordover opp mot toppen. Sjå bloggen fantastiskturglede.blogg.no