På føtene:

Mange som kjem til Jotunheimen vil få med seg dei tre mest kjende turane, Besseggen, Galdhøpiggen og Glittertind. Du kan bu her på Bessheim og få med deg alle tre, dersom du vil kjøre litt bil for å koma deg til utgangspunktet. For turen til Glittertind sin del så kjører du 30 km nordover, til Randsverk. Her kjører du inn til venstre mot Glitterheim og følgjer grusvegen i 27 km til du kjem til bommen. Her er det parkeringsplass og du må setje frå deg bilen. Nå står du ved grensa til Jotunheimen Nasjonalpark, og her er det bom på grusvegen inn til Glitterheim. Anten kan du gå dei 7 kilometrane inn til Glitterheim, anten kan du leige ein sykkel. Frå Glitterheim og opp på Glittertind er det vanleg å bruke 3 timar. Same rute attende. Det er merka rute heile vegen.

Eit anna alternativ er å gå frå Bessheim til Glitterheim etter den T-merka ruta, overnatt der, og gå på Glittertind dagen etterpå.

På ski:

Det er berre dei sprekaste som går på ski heilt frå Bessheim og opp på Glittertind og attende på ein dag. Da via Russdalen og Glitterheim. Dette er ein lang og fin tur, som går etter den kvista løypa til Glitterheim.

«Breturen» var ein fast påsketradisjon frå Bessheim i mange år. Dette er ein 12-timars tur, over 50 km og høgste punkt over 2000 meter. Frå Bessheim om Bessvatnet, Russvatnet, Bløtjønnholet, Styggehøbreen, østre Memurubre, Memurudalen, Memurubu, heimatt over Gjende og Gjendehalsen. Når denne turen er gjennomført er det lov å ta seg ein dram!