På føtene:

Surtningshue ligg 2368 m.o.h, og utgangspunktet er Memurubu Turisthytte ved Gjende. Fjellet ligg inne i Jotunheimen Nasjonalpark og utsikta er fantastisk. Det er merka rute frå Memurubu. Turen er krevjande, og det er ikkje uvanleg å bruk 8-9 timar. Kanskje meir.

På ski:

Da kan du overnatte i Memurubu og gå frå der. Er Memurubu stengt kan du starte på Gjendeosen og gå på ski innover isen til Memurubu og gå opp på toppen på ein dag. Da må du vera i god form og vera god på ski. Isen på fjellvatnet Gjende legg seg sjeldan før i januar, og han blir utrygg forholdsvis tidleg på våren. Det er lurt å prate med lokale om isforholda innover her.