På føtene:

Bukkehammaren-Kvassryggen-Høgdebrotet-Steinflytinden/Tjønnholstinden er ein rundtur som krev god kondisjon, godt sommarvær og ein lang dag. Start turen frå parkeringsplassen i Vargebakken. Følg stigen mot øvre Leirungen som passerer ved gjætarhytta og kryss Leirungsåa på brua. Følg ryggen opp til Bukkehammartjernet og vidare til høgre for tjernet til toppen, der er fantastisk utsikt mot Sjodalen og innover Gjende. Følg ryggen vidare over Kvassryggen og opp på Høgdebrotet. Det er viktig å vera varsom på litt utsette plassar, men turen går greitt på tørt fjell. Turen vidare mot Steinflytinden/Tjønnholstinden er grei for fjellvante under tørre forhold, men vær obs på at det kan vera is/snø utover sommaren. Tilbaketuren går ned Steinflya og mot brua over Leirungsåa og bilen.

Leirungskampen ligg lengst vest i Leirungsdalen og turen går i lett stigande terreng med Leirungstindane på eine sida og Kalvehøgdene på den andre. Om sommaren lønner det seg å parkere ved Heimdalsmunnen og gå over Raudhammaren, om vinteren kan turen gjerne starte litt lenger ned, omtrent ved kommunegrensa. To gode fisketjern ligg her inne og på varme sommardagar er dette fine turmål for ivrige stangfiskarar. Start toppturen på ryggen opp frå det innerste tjernet. Der som på andre turar kan brodder/stegjern vera trygt. Flott utsikt frå toppen mot det alpine fjellmassivet på andre sida av Svartdalen. Leirungskampen høyrer egentleg til Kalvehøgdryggen, men for dei fleste av oss er vegen over til dei andre toppane vanskeleg tilgjengeleg frå den kanten.

På ski:

Tjønnholstinden er ein majestet av eit fjell. Ein del går den luftige passasjen mellom Steinflytinden og toppen. Det er viktig å vera trygg på snøforhold og egen kompetanse da. Tryggare adkomst til Tjønnholstinden er å skrå ut mot sør og finne ei renne som går opp litt vest for toppen. Alternativ rute er å gå litt lenger inn i Leirungsdalen og opp Tjønnholsaksla.

Leirungsdalen har mange spanande turar å by på. Toppane her er best tilgjengeleg på seinvinter og vår. Det til dels lang adkomst til turmåla. Ein del av toppane her er alpine og krev høg mestring, andre er lette å gå på for ivrige skifolk. Det er alltid viktig å vurdere rasfaren. Om våren har snøen gjerne satt seg, så risikoen er mindre. Pass deg for hengande skavlar.