Klatretur til Synshorn.

Mellom innsjøen Bygdin og Vinstervatn ligg Synshorn. Erfarne guidar tek deg trygt og sikkert opp den bratte fjellsida og langs tronge fjellhyller på ei tilrettelagt rute som fører deg heilt til topps på Synshorn. Namnet Via Ferrata kjem frå Italia, der dei bygde «jernveg» eller klatrestig i fjellet under den første verdskrigen. Her vart det etablert som ein del av stignettet mellom alpehyttene for å lette tilkomsten til fjelltoppar. Den moderne varianten av Via Ferrata er ei tilrettelagt rute med faste sikringsmidler som stålwire og stålbøyler. Dette gjør det mogleg for folk utan klatreerfaring å ta seg opp ein nesten loddrett fjellvegg.

Turen tek tre til fire timar og gjev ein luftig, men likevel trygg og opplevelsesrik tur i fjellveggen, utan at du treng kunnskap om taug og kiler. Synshorn Via Ferrata hever seg 400 høgdemeter oppover i frå utgangspunktet ved riksvegen. Ruta vart etablert sommaren 2015 som et samarbeid mellom Grønolen Fjellgard, Sporten Beitostølen, Beitostølen Camping og Bygdinstøga.

Klatresele og hjelm får dykk utdelt av guidane. Det er anbefalt med fjellsko og hanskar. Klatreutstyret består av to korte lengder med taug kopla saman i en Y-form. I overgangen mot selen er det ei støytdempande eining, og i kvar ende av den Y-forma innbindinga er det ein spesiallaga karabin. Denne anordninga gjer at klatraren alltid er festa til wiren med minst éin karabinkrok.

På Synshorn Via Ferrata er det 14 års grense, og alle turar krev guide.

Møt opp 15 minutt før start. Oppmøteplass er ved Bygdinstøga, se https://goo.gl/maps/znPEbAMDkRn eller 61.330700, 8.794528 for karthenvisning. Ta med klede for årstida, gode sko og komfortable hanskar, mat og drikke. Turen tek normal ca. 4 timer.

Synshorn Via Ferrata er ope for guida turar frå fyst i juni til ut september, med værforbehold. Dei kan arrangere turar utanom fastsatt program for større grupper.

For meir informasjon og påmeldig sjå synshorn.no/