Dette skjer i Bessheim gjennom året

Dei fleste som kjem til Bessheim og Jotunheimen kjem for å gå fotturar eller å gå på ski. Og mange kjem hit for ei spesiell matoppleving. Men det er også mange andre ting å bli med på i området vårt gjennom året. Eksempel på dette er guida turar, rafting i Sjoa, hundekjøring, klatring, sykling, besøkje Glittersjå Fjellgard eller ei av dei fine kyrkjene våre i Heidal, Vågå og Lom. I påska har vi eit rikhaldig program med foredrag, guida turar og og mykje god mat.

I fjellområda rundt oss beiter reinsdyra til Vågå Tamrein AS. Dette selskapet er ått av folk som bur i Vågå, har 1700 simler som kalvar om våren og 4 heilårstilsette reinsgjeterar. Ola og Jørn, som du kanskje har sett i fjernsynsserien «Gjeterar i Jotunheimen» på NRK, driv firmaet Jotunheimen Rein. Dei tek med seg gjestar på turar, sledekjøring og for å besøkje reinsflokken på dei tidene på året som det er mogleg. For meir informasjon kan du sjå på facebooksida deira.

Vinteren 2024

Vi opnar for vintersesongen fredag 9. februar 2024. Vi held ope kvar dag søndag 14. april. Frå 14. april til 12. mai har vi ope helger og langhelger.

JULEBORD. Julebord har vi ikkje, men vi kan absolutt anfale andre helga i februar for firmaet ditt! Vi opnar for vintersesongen fredag 9. februar og laurdag kveld er det middagsbuffett med dessertbord og levande musikk.  Svein Rune Damstuen, Knut Erik Tessnes og Thomas Bakke spelar til dans og underhaldning. Dei fleste har mykje betre tid til ein slik sosial kveld i februar enn i desember, for da skjer det så mykje likevel.

Nasjonalparkriket

Planlegg reisa di til Nord-Gudbrandsdalen. Her kan du finne informasjon om andre turistbedrifter i Vågå, Lom Skjåk, Dovre, Lesja og Sel.

Regionen byr på gode matopplevingar, spanande aktivitetar og mange fine fjellturar. Her finn du svar på praktiske spørsmål og annan relevant informasjon. Les meir på nasjonalparkriket.no/

Hundekjøring

Hundekjøring er ein populær vinteraktivitet, og turar blir arrangert så sant snø- og løypeforholda tillet det.

Sesongen varar frå januar – april. Det er opplegg for både barn og vaksne og for kortare og lengre turar. Vi har to tilbydarar av hundekjøring her Sjodalen. Les meir på heimesida til SjodalenHyttetun: sjodalenhyttetun.no og Jotunheimen Husky Lodge: jotunheimenhuskylodge.no

 

Sesongen 2024 – nokre dagar der vi har spesielle opplegg:

Vi opnar for vintersesongen fredag 9. februar 2024! Frå da tek vi i mot gjestar på overnatting og vi har matservering kvar dag til over påske. Frå påske og fram til 12. mai held vi ope i helger og langhelger. Vi serverer middag frå ein liten a la carte meny kvar dag frå klokka 13.30 og utover. Kvar kveld har vi ein treretters meny. Denne blir som regel servert frå klokka 18.30. Somme kveldar har vi ein kveldsbuffet i staden.

Skiløyper: sjekk www.skisporet.no

 

Opningshelg med middagsbuffet og levande musikk! Laurdag 10. februar lagar vi middagsbuffet med mange spanande smakar av rein, fjellaure, elg og hjort. Godt utval av kalde og varme rettar, samt eit fristande dessertbord. Svein Rune Damstuen, Knut Erik Tessnes og Thomas Bakke spelar til underhaldning og dans. Ei bordsetning klokka 18.00 og ei klokka 19.30. Pris for middagsbuffet kr 490,- Påmelding til middag og booking av rom eller hytter på e-post: post@bessheim.no eller telefon 61238913.

 

Besseggen vintertur frå februar til godt over påske. Når du går Besseggen om vinteren så startar turen her i Bessheim. Ruta er følgjande: Frå Bessheim og opp til Bessvassosen, innover isen på Bessvatnet (7 km), opp Besseggen med skia på ryggen, vidare på ski opp til det høgaste punktet som er Veslefjell 1743 moh, og til slutt stå på ski nedatt til Bessheim. Turen er er for alle i normalt god form og som er vande med å gå på fjellski. Du må rekne 6-8 timar på turen. Besseggen er like fantastisk om vinteren som om sommaren!

Vekestur på ski gjennom Sjodalen frå Lemonsjøen og Sjodalen Hyttetun til Bessheim med turopertøren Discover Norway. Du vil oppleve god mat, fyr på peisen, godt vertskap og vakker natur.

Dette er ein sjølvguida tur der du kan oppdage den uberørte vakre vinteren i denne regionen. Du går i oppkjørte skispor. Gjestane bur 2-3 neter på kvar plass, og vi fraktar bagasjen til neste overnattingstad. Tilgjengeleg februar og mars 2024. Les meir på: https://www.discover-norway.no/ski-tour/jotunheimen

Borghild og Hilde driv Discover Norway og dei held til på Lillehammer.

Laurdag 2. mars: Dette blir ein bra matkveld med besøk av Åse frå Avdem Gardsysteri, Olav frå Lom Bryggeri og Olav og Pål Bertil frå vinimportøren Bertil & Martens. Seksretters middagsmeny. Trubadur Byrix, Geir Byre spelar til underhaldning og dans etter middagen.

Avdem gardsysteriet ligg på Lesja, og har produksjon basert på upasteurisert, fersk mjølk, som blir levert direkte frå fjøset til kvar ysting. Årleg foredlar Åse no omlag 110.000 liter mjølk, som blir til godt over 20 tonn ferdig vare. 

Pål Bertil og Olav held til på Otta og importerer italiensk og fransk vin. Dei har stor interesse for vin og har mykje artig å formidle. Bertil&Martens set ein vinmeny som passar til maten og fortel om vinane sine under måltidet. Pris på vinpakken er kr 710,- per person.

Lom Bryggeri vil presentere ølet sitt. Bryggeriet produserer øl under merkevara Lomb. Dei produserer lagerøl som i størst mogleg grad skal ha lokal tilknytning enten det gjeld bruk av råvarer, historisk tilknytning eller geografi. Lom Bryggeri har produksjonslokale i det som tidlegare var låven på driftsbygninga i Grjotheim. Ølpakke?

Middagsmenyen denne kvelden blir: XXX. Pris: 790,- per person for middagen. Halv pris for barn mellom 3 og 12 år.  Drikke kjem i tillegg, og du treng ikkje å drikke vin eller øl sjølvsagt. Gjestane går til bords klokka 18.30. Bestill på post@bessheim.no eller telefon 61238913.  

 

Sesongen for Høgruta i Jotunheimen er frå 15. mars til 14. april 2024, for da opnar dei andre turisthyttene i Jotunheimen for vintersesongen. Høgruta er for dei sprekaste, men du kan heller velje å gå frå hytte til hytte i turistforeninga sine stikka løyper. Sjå høgrutaijotunheimen.no

 

Strikke- og spinnehelg 15-17. mars 2024 : Vågå Husflidslag, Strikke Terje og ull- og garnprodusenten Naturgull arrangerer handarbeidshelg. Her skal vi spinne, strikke og eta god mat. Det blir fleire forskjellige kurs; eitt spinnekurs, eitt kurs i sying av saueskinn og fleire forskjellige strikkekurs. Det er program heile helga, men det er rom for å ta seg ein liten tur ut på ski også!

Sjå PDF program her

 

Middagsbuffet. Laurdag 16. mars 2024 har vi middagsbuffet med mange spanande smakar av rein, fjellaure, elg og hjort. Godt utval av kalde og varme rettar, samt eit fristande dessertbord. Bestill bord på post@bessheim.no

 

Påska 2024. I påska, som i 2024 er frå 22. mars til 1. april, har vi eit rikhaldig påskeprogram og ein eige påskemeny. Under fanen «PÅSKE» i menyen her på heimesida kan du lese meire om dette. 

Påskemenyen er klar og programmet for påska kjem rundt jul.

 

Parteringskurs. Laurdag 6. april 2024 held kjøkensjef Bjørn Ekerbakke kurs i partering av rein. Han deler opp eit heilt slakt og viser korleis du går fram ved partering. Han fortel også om korleis du kan nytte stykningsdelane på ein best mogleg måte. Kurset er på kjøkenet på Bessheim mellom klokka 12.00 og 15.00. Toretters lunsj er inkludert i prisen. Lunsjen blir servert på slutten av kurset. Prisen er kr. 650,- per person. Maks 10 deltakerar på kurset. Påmelding på e-post post@bessheim.no eller på telefon 612 38 913.

 

Den 17. mai harvi ikkje ope. Vi stenger for skisesongen søndag 12. mai, og opnar att fredag den 7. juni.

 

Skisesongen er over. Den 12. mai om kvelden stengjer vi, for da er det slutt på skiføret opp mot 2000-meterstoppane og på Valdresflya som regel.

 

Besseggensesongen startar fredag 7. juni. Gjendebåten startar å gå laurdag 8. juni. Gjendebåten kjører fleire avgangar stort sett kvar dag fram til søndag 6. oktober. Du kan gå Besseggen heile denne perioden. Middagsbuffet og levande musikk i peisstugu ved sesongopning laurdag 8. juni. Thomas Bakke Band.

 

Besseggenløpet laurdag 15. juni. Bli med anten som mosjonist eller konkurranseløper. På 60-talet var løpet arrangert tre gonger, og da sprang Reidar Andreassen på 1 time og 16 minutt. Frå 2011 har løpet vore arrangert kvart år, og det går frå Memurubu til Gjendesheim. Rekorden er på 1.15.14, sett av Tomas Bereket i 2014. Lengda er 14 km og høgdeskilnaden er på 1100 meter. Damerekorden er på 1.35.31, sett av Tuva Toftdal Staver. For påmelding og informasjon sjå www.bessegglopet.no

 

Hausthelgene. Helgene frå 22. august til 6. oktober har vi fredagane ein mindre buffet med rummegraut og spekemat, ein fiskerett, samt dessertbord. Fiskeretten er lokal fjellaure, så sant vi får tak i det. Laurdagane i denne perioden har vi middagsbuffet med kalde og varme rettar og dessertbord. Mange spanande smakar av rein, hjort, elg og fjellaure. Helga 20-22. september og 4-6. oktober har vi bryllup, og kan difor ikkje ta i mot bestilling frå andre gjestar til middag desse to laurdagane. Da tilbyr vi ein treretters middag som take away til hyttene. Frokostservering og middag fredag kveld foregår desse to bryllupshelgene på vanleg måte i spisesalen.

 

Rupejakta startar onsdag 15. september. I alle fall dersom rupebestanden tek seg opp att. Uansett er det jakt på hare og skogsfugl mm. Du må søkje Vågå Fjellstyre om jaktkort innan 1. april 2024.

 

Laurdag 28. september 2024 har vi ein stor middagsbuffet med kalde og varme rettar og dessertbord. Mange spanande smakar av rein, hjort, elg og fjellaure. Vi kjem til å ha levande musikk i peisstugu etter middagen denne kvelden. Dette blir ein livate kveld!

SIKKERT. (så sant bryllupsplanane ikkje endrar seg)

 

Haustferien – veke 40.  Gjendebåten går nesten kvar dag heile hausten, fram til laurdag 6. oktober. Sjå www.gjende.no for å bestille billettar. 

Fjellaurekurs. Onsdag 2. oktober 2024 held kjøkensjef Bjørn Ekerbakke matkurs om den fine råvara fjellaure. Han går i gjennom fleire metoder for å foredle auren, som til dømes røyking, sylting, raking og så vidare. Han viser også måtar å filitere fisken på. Kurset byrjar klokka 12.00 onsdag 5. oktober og varar i 3 timar. Lunsj er inkludert og prisen er kr. 550,- per person. Maks 10 deltakarar. Påmelding på e-post på post@bessheim.no

Parteringskurs. Torsdag 3. oktober 2024 held kjøkensjef Bjørn Ekerbakke kurs i partering av rein. Han deler opp eit heilt slakt og viser korleis du går fram ved partering. Han fortel også om korleis du kan nytte stykningsdelane på ein best mogleg måte. Kurset er på kjøkenet på Bessheim mellom klokka 12.00 og 15.00. Toretters lunsj er inkludert i prisen. Prisen er kr. 650,- per person. Maks 10 deltakerar på kurset. Påmelding på e-post post@bessheim.no eller på telefon 612 38 913.

 

Søndag 6. oktober 2024 stenger vi Bessheim for vinteren. Vi kjem ikkje til å ha middagsservering denne dagen. Takk for i år!

Munch i Vågå

Farsslekta til målaren Edvard Munch budde i Vågå i fleire generasjonar. Han hadde ofte Vågå i tankane, og hadde eit nær forhold til Vågå heile livet. Ut frå eigne brev og skissebøker er det dokumentert at Edvard Munch gjorde minst fem reiser til Vågå mellom 1895 og 1939.

Reis til Vågåmo, og bli med på Munch vandringa. På vandringa er du innom prestegarden Ullinssvin og Vågå Kyrkje, der Edvard hentainspirasjon. Les meir på www.munchivaga.no