Besseggen i Jotunheimen

Besseggen-aBesseggen - Noregs mest kjende fjelltur

 

Besseggen ligg i Jotunheimen, og Bessheim er så heldige å vera plassert berre 5 km frå båten over Gjende.

Turen over Besseggen er å rekne som ein heildagstur. Dei aller fleste brukar mellom 6 og 8 timar + pauser.

Når du skal gå Besseggen har du to ruter du kan gå.

 

1. Den mest vanlege ruta over Besseggen går frå Memurubu til Gjendesheim. Turen går frå Gjendesheim med båt inn til Memurubu turisthytte om morgonen. Frå Mermurubu går du nokså bratt oppover til det flatar seg meir ut. Du går forbi Bjørnbøltjønne og vidare bortover til Bandet. Bandet er det partiet der det er smalast mellom Bessvatn og Gjende. Bessvatnet har du her rett nedved deg, Gjende ligg 400 meter under deg. Her startar det mest kjende partiet på heile turen, nemleg sjølve Besseggen. Oppover eggen er det som å gå i storsteina urd, og du må bruke hendene litt for å koma opp. Når du har kome deg opp sjølve eggen får du ein fantastisk utsikt utover Jotunheimen. Frå her ser du beint ned i det grøne Gjende langt nedanfor deg på eine sida og det blå Bessvatnet på andre sida. Vidare går turen over Veslefjellet og ned att nokså bratt til Gjendesheim. Turen tek frå 6-8 timar, alt etter kor fort du vel å gå turen. Turen kan også bli gått den andre vegen; fra Gjendesheim til Memurubu med båt attende om ettermiddagen.

 Besseggenturen

2. Den andre ruta startar her på Bessheim. Du går opp til osen på Bessvatn og innover langs med vatnet på nordsida (høgresida når du kjem opp på osen, ikkje over brua). Vidare følgjer du stigen langs med vatnet heilt til du kjem inn til Bandet. Her kjem du inn på stigen frå Memurubu og her startar sjølve Besseggen. Du går da opp sjølve Besseggen, opp på Veslefjellet, og ned att til Bessheim. Litt etter toppen på Veslfjellet deler stigen seg i to, ein går ned til Gjendesheim og ein går ned til Bessheim. Går du mot Bessheim kjem du ned på Bessvassosen att, og du går over brua og ned same stigen som du kom opp. Klede og utstyr til Besseggenturen Det kan vera ganske tøft vér på turen over Besseggen. I høgfjellet skiftar veret raskare enn i låglandet, så sjølv om det er fint ver frå morgonen av, så kan det bli dårlegare utover dagen. Det er ikkje mogleg å bestille plass på båten, men alle får garantert vera med. Du må møte opp til rett tid i forhold til rutetidene, og dersom det er mykje folk vil du få billett til ein seinare båt.

 Besseggenturen2

Dette bør du ha med når du skal på tur:

  • Godt fottøy, og da helst fjellsko
  • I juni kan det vera lurt å ha med gamasjar, da det kan vera noko snø.
  • Solbriller og solkrem
  • Lue og vottar
  • Undertøy, gjerne av ull
  • Ytterklede som er regntette/vindtette
  • Ekstra sokkar
  • Skift
  • Termos og nistepakke
  • Kart og helst kompass

 Besseggenrein

 

Gjendebåten

Gjendebåten tek deg inn i hjarta av Jotunheimen. Gjendebåten legg til ved Memurubu Turisthytte og Gjendebu Turisthytte. Båten har 5 daglege avgangar.Transport frå BessheimDersom du ikkje ynskjer å køyre eigen bil, kan du ta bussen som går forbi Bessheim om morgonen i sommarsesongen. Busstider og rutetider for Gjendebåten finn du og i resepsjonen.

 

 

GOD TUR!

Besseggenturen3

valid xhtml valid css