Overnatting og matservering

panorama-fra-inngangen-web

 

Overnatting ved Besseggen

På Bessheim leiger vi ut rom, leilegheiter, hytter og vi har campingplass. Til saman har vi 170 senger. I prislista finn du oversikt over storleik og standard på dei forskjellige hyttene og romma.

 

Inne på fjellstua serverer vi frukost, gjestane kan smørje seg niste og kvar kveld har vi treretters middag. Vi har open kafe heile dagen med a la carte servering. Vi serverer vanleg norsk heimelaga mat og vi brukar mykje hjort, elg rein og fjellaure. 

 

Kvar kveld frå 1830 - 2030 serverar vi ein treretters middags meny.

 

Treretters meny sommaren 2017

Måndag:

Krema blomkålsupe

Dagens fisk med friske grønsaker og poteter

Bærfromasj

Tysdag:

Fiskesupe

Kokt oksekjøt med sursøt saus, rotgrønsaker og poteter

Husets Crème Brûlèe

Onsdag:

Kveldsbuffet med lokale smakar. Det vil vera både varme- og kalde rettar, samt dessertar.

Torsdag:

Aspargessupe

Filet av svin med stua sopp og skysaus

Dagens dessert

Fredag:

Viltsupe

Dagens fisk med friske grønsaker og poteter

Sjokoladedessert

Laurdag:

Eit utval av norske og lokale smakar

Flatbiff av kalv med grønsaker, potetstapp og persillesaus

Bær med heimelaga iskrem

Sundag:

Dagens fisk med smørsaus og julienne grønsaker

Heimelaga viltkarbonader, poteter, grønsaker og viltsaus

Heimelaga karamellpudding

 

Alle forrettar vert servert med ferskt heimebaka brød og urtesmør

Vinpakke med 3 glas vin: 250 kr per pers

________________________________________

Trerettersmenyen vår kostar 370 kr. Alle som har halvpensjon har den inkludert i prisen. Menyen blir servert frå kl 18.30 – 20.30 kvar dag i perioden 16. juni til 20. august 2017.

Med atterhald om endringar

Nyt måltidet!

 

 

 

 

 

 

mat 6

 

 

      mat 2

 image

Romma ligg inne på fjellstugu. Her har vi også stor peisstugu, tv-stugu, badstugu og eit møterom med plass til opp til 50 personar.

 

Hyttene ligg rundt om kring hovudbygningen, nokre ligg nede ved vatnet. Dei har frå 2-10 sengeplassar. Dei fleste har dusj, toalett, stove med kjøkenkrok og 1-3 sengerom.

 

Campingplassen vår ligg nede vatnet. Her er det ca 25 vogner som står fast heile året, men det er også plass til ein del vogner på døgnbasis.  Campingplassen har eige sanitæranlegg med dusjar, doar, kjøken og vaskerom.

 

Foto_Helge_Eek_detalj1 Du finn bilete av hyttene våre i galleriet.

 

 

Bedrifter/firma
Vi tek i mot både mindre og større firmaarrangement, i forskjellige prisklasser. Vi har 160 senger, og plass til like mange i spisesalen vår. Vi tilpasser lokalet etter storleik på arrangementet. Kom med ynskje  - vi skreddarsyr opplegg for bedriften din.

 

 


 

valid xhtml valid css