Overnatting på Bessheim

 

Bessheim har 25 rom inne på fjellstua. 20 av desse har dusj og toalett.

I tillegg har vi 20 hytter/leileheiter med dusj og toalett, og 5 hytter med låg standard. Da er det dusj og toalett i eit sanitærhus ved sidan av.

 

Dei fleste av romma inne er for to personar, men vi har også nokre til 4 personar. Det er mogleg å leie enkeltrom, mot eit enkeltromstillegg.

 

På hyttene er det plass til mellom 2- og 10 personar. Det er stove med kjøkenkrok på alle hyttene med dusj og toalett.

Du finn bilete av rom og hytter under prismenyen på heimesida.

 

Vi har også ein campingplass med strømuttak. Det er ca 20 vogner som står der fast heile året, og vi har god plass til dei som ynskjer ei natt eller to.

 

Dersom planen er å gå Besseggen, så er Bessheim ein naturleg overnattingsplass.

 

Send oss gjerne ein mail for eit tilbod.

valid xhtml valid css