Kafeteriaen vår og matservering for buande gjester

 

Klare for matservering på Bessheim.

 

På Bessheim satsar vi på å ha tradisjonell norsk mat. Vi lager det meste av maten frå botnen av.

 

Kafeteriaen er open for alle heile dagen. Ala Carte middag startar vi med kl 13.30.

 

Dei som bur inne på rom kan ha halvpensjon. Da er det 3- retters middag inkludert i prisen, men også andre kan eta 3- retter. Den vert servert frå kl 18.30, og må bestillast før kl 15.00 same dag.

 

Matsalen vår var nyoppussa i 2008. Den er til dagleg delt i to, med ein del til kafeteria og ein del for faste gjestar. Dersom vi har store lag eller mykje gjestar, så opnar vi til ein stor sal. Vi kan da dekke bord til 140 personar.

valid xhtml valid css