Her finn du oss


Bessheim ligg fint plassert på fjellovergangen mellom Valdres og Gudbrandsdalen langs med riksveg 51 over Valdresflya. Det er 36 mil frå Oslo gjennom Gudbrandsdalen, og 25 mil frå Oslo om Fagernes og Beitostølen. Frå Trondheim er det 32 mil og frå Bergen er det knapt 36 mil via Lærdal og Beitostølen. Vi har brøytt veg opp hit heile året frå Sjoa og Vågå.

NB! Vi ber dykk merke dykk at mellom 15. desember og 15. april kvar vinter er riksveg 51 Valdresflye stengt mellom Beitostølen og Bessheim. Dersom du skal besøke oss i denne perioden må du køyre E6 til Sjoa. Sjoa ligg 1 mil sør for Otta. Frå Sjoa og opp hit til Bessheim er det 62 km. Vegen går opp i gjennom Heidal. Etter 32 kom kjem du til Randsverk. Her kjem du inn på riksveg 51, og i krysset her tek du til venstre, og køyrer vidare innover Sjodalen til du kjem til Bessheim. Bessheim ligg rett att med vegen. I perioden frå Valdresflye opnar 15. april til 17. mai, er vegen nattestengd mellom 20.00 og 08.00 kvar dag. Det same gjeld ofte sist i november og fyrst i desember.

 

 

valid xhtml valid css