Transport til Bessheim

Utsikt over Jotunheimen frå Besshø. 

Bessheim ligg fint plassert på fjellovergangen mellom Valdres og Gudbrandsdalen (Fylkesveg 51 over Valdresflya).

 

Bil

Det er 360 km frå Oslo gjennom Gudbrandsdalen, og 250 km frå Oslo om Fagernes. Frå Trondheim er det 320 km og frå Bergen er det knapt 360 km via Lærdal og Beitostølen.

Frå Oslo om sommaren er raskast vegen til Bessheim, E16 til Valdres, deretter rv. 51 til Beitostølen og over Valdresflya. Om vinteren må du køyre E6 til Sjoa, deretter rv 257 gjennom Heidal og innover Sjodalen langs rv. 51.

Frå Trondheim tek du E6 sørover til Otta, deretter rv. 15 til Vågå og rv 51 innover Sjodalen.

 

Buss

Om sommaren går det buss til Bessheim.

For gjeldande busstider kan du sjekke
Fjord1 Nordfjord- Ottadalen
Nor-way bussekspress

 

Tog

Kjem du med tog til Nasjonalparkriket, går du av på Otta stasjon. Her stoppar tog frå Åndalsnes, Trondheim og Oslo.

NSB

 

Næraste flyplass

Næraste hovudflyplass er Oslo Lufthavn Gardermoen. Sommarstid kan du også nå Leirin Lufthavn, Fagernes og Sogndal Lufthavn, Haukåsen. Tog og ekspressbussforbindelse frå flyplassane til Nasjonalparkriket.

Oslo Lufthavn Gardermoen
Fagernes Lufthavn Leirin 
Sogndal Lufthamn

valid xhtml valid css