Ofte stilte spørsmål

OM BESSEGGEN

 

Sp.mål:

Kor langt er det frå Bessheim til Besseggen?

Svar:

Det er 5 km å kjøre frå Bessheim og til Gjendesheim, der båten går i frå.

 

Sp.mål:

Må ein ta båten for å gå Besseggen?

Svar:

Ein må ikkje ta båten for å gå Besseggen, men det er mest vanleg. Dei fleste tek båten frå Gjendesheim til Memurubu, og går attende over Besseggen. Da kjem ein att der bilen står. Det er også mogleg å gå Besseggen frå Bessheim. Da går ein frå Bessheim, opp på Bessvatnet, langs Bessvatnet og opp på Bandet. Frå Bandet så fylgjer ein stigen frå Memurubu til Gjendesheim over sjølve Besseggen, til ein er litt forbi Veslfjellet. Der deler stigen seg i to, og ein kan gå attende til Bessheim

 

Sp.mål:

Når går båten?

Svar:

sjå Gjendebåten

 

Sp.mål:

Kor lang tid brukar eg på å gå Besseggen?

Svar:

Det kjem sjølvsagt an på kor god form ein er i. Dei aller fleste brukar mellom 6 og 8 timar.

 

Sp.mål:

Kor mykje klede må eg ha med når eg skal gå Besseggen?

Svar:

Besseggen er ein tur som tek mange timar, og været i fjellet skiftar fort. Sjølv om det ser fint ut frå morgonen av, må ein alltid ha med gode og varme klede. Vi vil anbefale å alltid ha med ekstra vindklede, lue, vottar og sokkeskift.  

 

Sp.mål:

Er det mogleg å bestille billettar på båten på førehand?

Svar:

Nei, det er det ikkje. Men dei kjører båtar til alle har fått plass. Berre du er der innan båten skal gå, så vil du få tildelt billett, og kjem garantert med.

 

OM BESSHEIM

 

Sp.mål:

Er det oppreidde senger?

Svar:

Inne på rom er det oppreidde senger. På hyttene og i leilegheitene er det dyner og puter. Der kan ein ha med trekk sjølv, eller ein kan leie.

 

Sp.mål:

Er det kjøkenutstyr på hyttene?

Svar:

Alle hytter som har dusj og toalett, har fullt utstyrt kjøken. Det er steikeomn, kokeplater, alt ein treng av bestikk, koppar og kar. Samt kjeler, steikepanne og stort sett det ein treng.

 

Sp.mål:

Kor lengje vert middagen servert utover kvelden?

Svar:

3- retters middag er servert frå kl 18.30 - 20.30.

Ala Carte middag er frå kl 14.00 - 20.30

 

Sp.mål.

Når er det innsjekking?

Svar:

Du får rommet/hytta så snart den er klar. Seinast kl 16.00. Dersom dykk kjem etter kl 21.00, må du ringje og si kor seine dykk blir. Da er det mogleg vi legg ut ein nøkkel.

 

 

valid xhtml valid css