Bessheim si historie

Bessheim i dag. (foto: Bård Bårdløkken)

Bessætrene var tradisjonelle sætre tilhøyrande gardar i Vågå. Frå midten av 1800-talet kom fjellvandrarane i aukande tal, eventyrlystne nordmenn og utlendingar, det var på moten å oppdage nye og ukjende delar av landet. Med hjuldamparen Skibladner på Mjøsa og utbygging av Dovrebanen gjennom Gudbransdalen, kom Jotunheimen nærmare reiselystne. Mange kom gjennom Sikkilsdalen til Sjodalen og Gjende, sætrene ved øvre Sjodalen låg lagleg til for den som søkte husrom. Gjennom åra skifta sætrene identitet til turistbedrift. Den første bygningen som var bygd for turistar, stod ferdig i 1890.


I meir enn 100 år gav Bessheim tilhald for både husdyr og turistar, men økonomisk fekk turismen stadig meir å bety. Tidleg på 1960-talet var det slutt for ku og geit. Bessætra hadde vorte Bessheim. Fleire av husa som er i bruk i dag, har vore med frå sæterlivet, eldst er truleg Sandnesstugu. I dag framstår ho som ei høgstandard hytte, men gamle tak og vegger fortel om ei lang historie.

 

hytter1

Tippoldemora vår heitte Kari Storvik. Ho var den som tok tak for å legge til rette for turistar. Så var det oldeforeldra våre, Gudrun og Iver Storvik, deretter bestemor og bestefar, Kari og Knut Lund. Gjennom fleire generasjonar har familien vore vertskap for farande folk på Bessheim. Frå 2003 er vi ein del av denne familietradisjonen og bestefar er med!

valid xhtml valid css