Påske

TRERETTERS MIDDAGSMENY I PÅSKA 2017

 

Fredag 7. april

Kjøt av geitekje frå ein lokal produsent

                                               Steikt andebryst med ris og god saus

Tjukkmjølkpudding med eplegele

 

Laurdag 8. april

Heimelaga blomkålsupe

Filet av haustens vilt, med grønsaker, mild pepparsaus og bakte poteter

Crème Brûlée

 

Sundag 9. april

Ein smak av Jotunheimen

Dagens fisk

Sjokoladedessert

 

Måndag 10. april

Potet- og purrelauksupe

Kokt reinsdyrkjøt servert på tradisjonelt vis med sursøt saus, rotgrønsaker og potetstappe

Ostekake

 

Tysdag 11. april

Middagsbuffet med lokale smakar og tranchering av lam. Dessertbord. Den lokale vinimportøren Bertel & Martens presenterer vinane sine.

 

Onsdag 12. april

Meny frå Christine Storm Munch si kokebok

Variantar av sylta fisk og grønsaker

Torsk

Sitronterte med tyttebærsirup og urtetrekt pære

 

Skjærtorsdag 13. april

Fiskesupe

Heilsteikt hjortelår med grønsaker, bakte poteter og saus. Tranchering i spisesalen

Bærsalat med heimelaga vaniljeis

 

Langfredag 14. april

Påskebuffet med varme og kalde rettar og dessertbord

 

Påskekvelden 15. april (DENNE KVELDEN ER MIDDAGEN KL 1900 FOR ALLE).

Smakar av fjellaure

Reinsdyr frå Vågå med friske grønsaker, viltsaus og potetstappe

Blautkake og multekrem med skryller

 

Sundag 16. april

Grava reinsdyr med tyttebærrømme

Kalvefilet med grønsaker, poteter og saus

Dagens dessert

 

Prisen på den treretters middagsmenyen vår er 370 kr per person. Langfredag og påskekvelden er prisen 425 kr per person. Har du pensjon, er middagen inkludert i prisen.

Det kan bli endringar i menyen. Middagen blir servert klokka 1830 - 20.30 kvar kveld, og kan bestillast per e-post på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller telefon 61238913.

 

 

 

 

PÅSKEPROGRAM PÅ BESSHEIM I 2017

 

 

Sundag 9. april. Quiz

Vi arrangerer quiz i peisstugu kl 20.30. Meld på lag i resepsjonen før klokka 20.00.

 

 

Tysdag 11. april. Bingo

Bingoverten rullar i gang kulene klokka 20.00 i peisstugu. Meld deg på i resepsjonen før klokka 18.00. Passar for barn.

 

 

Tysdag 11. april

Middagsbuffet med lokale smakar og tranchering av lam. Dessertbord. Den lokale vinimportøren Bertel & Martens frå Otta presenterer eit utval av vinane sine under måltidet. Dykk kan gå til bords kva tid dykk vil mellom 18.30 og 20.30.

 

 

Onsdag 12. april. Treretters meny frå Fru Christine Storm Munch si kokebok. Etter middagen held Unn Bostad foredrag om henne.

Christine var oldemor til kunstnaren Edvard Munch. Ho var ei framståande kvinne i si tid. Ho hadde interesser innanfor område som astronomi, botanikk, musikk, motar, språk og hagebruk. Ho og familien hadde gjennom omlag 80 år sete på prestegarden Ullinsvin i Vågå. Ho hadde kunnskap om bruk av planter og ”legeurter” til mat og læging. Christine var nok ein uvanleg representant for dei nye ideala i opplysningstida seint på 1700-talet.

 

Unn Bostad kom til Vågå som 2-åring. Mora og faren var prestefolk i Vågå frå 1939 til 1968. Ho er oppvakse i Ullinsvin.                           

Middag frå 18.30 – 20.30. Foredrag kl. 20.30.

 

 

Torsdag 13. april. Guida tur til Rasletinden (2105 moh)

Dersom været er bra og vegen over Valdresflye er open, så blir det guida tur til Rasletinden denne dagen. På denne turen treng ein fjellski og grei form, men dette er ein 2000- meterstopp som er forholdsvis enkel og kort å gå til. Ta med godt med mat og drikke. Påmelding i resepsjonen, eller på telefon 61 23 89 13 seinast dagen før. Pris kr 400 per person. Min 4 deltakarar. Oppmøte i resepsjonen kl. 0900.

 

 

Torsdag 13. april. Familietur med reinsdyrbesøk

Reinsgjetarane Jørn Slettom og Ola Vaagaasarøygard har bålplass ikkje langt frå Bessheim saman med reinen Iver. Vi går på ski for å finne dei. Det blir bål med varm saft og pølsegrilling. Dei vil fortelja litt om reinsdyr, drifta i Vågå Tamrein AS og det å arbeide som reinsdyrgjetar. Passar for både barn og vaksne. Kroner 50 kr per pers. Oppmøte i resepsjonen klokka 11.00. Påmelding før klokka 22.00 kvelden før for gjestar som ikkje bur her. 

 

 

Torsdag 13. april: Foredrag om Theodor Caspari

Forfattar Haldis Buer Stamnes held foredrag med lysbilde om diktaren Theodor Caspari, som ho gav ut  ein biografi om i 2012. Caspari er kanskje mest kjend for folk flest for dikta “Norge mitt Norge” og “Stå vakt om naturen!” Caspari var oppteken av natur og friluftsliv, og med det store engasjementet sitt var han med på å gjera sitt til at Gjende ikkje vart regulert.

 

I foredraget legg Stamnes vekt på det nære forholdet Caspari hadde til Sjodalen og Besseter, og til den fyrste turismen her i Aust-Jotunheimen.

 

Haldis Buer Stamnes er cand.philol. med norsk hovudfag og fransk og allmenn litteraturkunnskap i fagkrinsen. Sidan 1984 har ho hatt hytte i Skåbu, eit område Caspari òg var særs knytt til.

 

Klokka 20.30 i peisstugu.

 

 

Fredag 14. april. Guida tur over Besseggen

Prøv den kjende fjellturen om vinteren! Vi startar på Bessheim, går opp til Bessvatnet og innover på isen til Bandet. Frå der går turen opp den spektakulære Besseggen med skia på ryggen. Fin nedkjøring heile turen frå toppen av Veslfjellet og ned att til Bessheim. På denne turen må du ha fjellski eller randonneéutstyr og vera i normalt god form. Ta med godt med mat og drikke. Påmelding på e-post eller på telefon 61238913 seinast klokka 22.00 dagen før. Pris kroner 400 per person. Minimum 4 deltakarar. Oppmøte i resepsjonen kl. 0900.

 

 

Fredag 14. april Masasje

Gro Visdal er masør og tek i mot bestilling frå klokka 09.00 og fram til klokka 17.00 om eftan. Pris for heilt time kr. 650,- Halvtime kr. 400,- Bestill time på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller på telefon 61238913.

 

 

Fredag 14. april. Quiz

Vi arrangerer quiz i peisstugu kl. 20.30. Meld på lag i resepsjonen før kl. 20.00

 

 

Laurdag 15. april. Sledetur med reinsdyr

Reinsgjetarane i Vågå Tamrein, Jørn Slettom og Ola Vaagaasarøygard, stiller med reinsdyret Iver og slede. Du såg dei kanskje i NRK-serien «Gjeterar i Jotunheimen»? Bli med og kjør ei lita runde på isen på Øvre Sjodalsvatn! Passar for barn. Møt opp kva tid du vil frå klokka 11.00 til klokka 14.00. Kroner 100,- per person.

 

 

Laurdag 15. april. Masasje

Gro Visdal er masør og tek i mot bestilling frå klokka 12.00 og fram til klokka 17.00 om eftan. Pris for heilt time kr. 650,- Halvtime kr. 400,- Bestill time på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller på telefon 61238913.  

 

 

Laurdag 15. april: Påskeskirenn og hoppkonkurranse kl. 1300.

Tradisjonen tru vert det også i år arrangert påskeskirenn og hoppkonkurranse. Ungar kan få enkel ansiktsmåling frå kl. 12.00. Kle deg gjerne ut! Påmelding i resepsjonen seinast klokka 11.00. Vi oppmodar vaksne om å delta. Grilling av pølser og varm saft. Påmelding kr 40 per person.

 

 

Laurdag 15. april: Påskekvelden

Vi serverer treretters middag klokka 1900. Bestilling i resepsjonen seinast innan kl 22.00 kvelden før. Etter middagen vert det premieutdeling frå skirennet tidlegare på dagen. Den lokale gruppa Bygdafolk spelar til dans og lagar god stemning utover kvelden! Middag og fest for dei som ikkje har halvpensjon kostar 425 kroner per person. Barn mellom 4 og 12 år - halv pris.

 

 

Med atterhald om endringar.    Vel møtt til ei innhaldsrik påske på Bessheim!          Helsing Bjørn og Kari

 

E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.             Heimeside: www.bessheim.no     Telefon: 61238913

 

valid xhtml valid css