Påske i Jotunheimen

 

 

Frå vi opnar i februar til over påske kjører vi opp kilometervis med skispor med skuter og sporleggjar mellom Besseggen Fjellpark, Hindseter, Gjendesheim og Bessheim.

 

I år 1901 fekk eigaren av Bessheim, Iver Storvik, 100 kroner frå Foreningen for Ski – Idrettens Fremme (Skiforeningen i dag) for å halde oppe i påska. Etter det har familien teke i mot skiglade påskegjestar kvart år. Påska på Bessheim er skiturar, mykje god mat, reinsdyret Iver,  øl i solveggen, foredrag, bålbrenning, påskeskirenn, guida turar og god stemning påskekvelden🌞

 

Vidare følgjer det rikhaldige påskeprogramet og ein spanande påskemeny.

 

Velkomen til fjells!

 

Påskeprogram 2024

 

  • Søndag 24. mars. Quiz  

Vi arrangerer quiz i peisstugu kl. 20.30. Meld på lag til quizmesteren frå klokka 20.15.

 

  • Tysdag 26. mars. Middagsbuffet og besøk av vinimportøren Bertil & Martens

Middagsbuffet med lokale smakar og tranchering av lam. Dessertbord. Den lokale vinimportøren Bertel & Martens frå Otta presenterer eit utval av vinane sine under måltidet. Gjestene kan gå til bords kva tid dei vil mellom 18.30 og 20.30. Middagen kostar kr. 490,- Halv pris for barn mellom 3 og 12 år. Vin kjem utanom. Hugs å bestille bord på førehand.

 

  • Onsdag 27. mars. Foredrag

Ole Kristian Ødegård held foredrag om Francis Merric Wyndham. Briten trefte som tjugeåring Jo Gjende på Norgesreisa si i 1859. Han var saman med Jo nesten to veker i fjellet. I Norge kom han over Sognefjellet, ned Bøverdalen, og hadde eit opphald i Lom. Her fekk han med seg ein fjellførar som tok han inn i Jotunheimen. Dei enda opp på Gjendeosen. Etter at han kom heimatt skreiv han ei bok som hadde tittelen ‘Life in the fjelds of Norway’.

Slaget ved Waterloo, ei vakker seterjente frå Lom, gamalost i Bøverdalen, bjørnejakt i Hardanger og eit mystisk reisefølge frå Opptun til Bøverdalen, Jo Gjende, Petter Tronhus, reinsjakt i Jotunheimen og biskopen i London er ingrediensar i dette foredraget.

Onsdag 27. mars klokka 20.30 i peisstugu. For den som vil bestille seg treretters middag så blir denne servert frå 18.30-20.30.

 

  • Torsdag 28. mars. Ut på båltur

Vi lagar bålplass ikkje langt frå Bessheim. Vi går på ski eller truger dit. Det blir bål med varm saft og pølsegrilling. Passar for både barn og vaksne. Oppmøte i resepsjonen klokka 11.00.

 

  • Torsdag 28. mars. Skitur til Sikkilsdalshø med turleiar

Skjærtorsdag til Ulf Ryen vera turleiar til Sikkilsdalshø. Avgang frå Bessheim klokka 09.00. Fjellski. Dei som melder seg på må ha skikkeleg utstyr og ha erfaring frå litt lengre skiturar i fjellet. Utstyrsliste: gode og varme turklede, ullundertøy, vindtette ytterklede, varme vottar med vindtrekk over, vindtett og varm lue, solbriller, drikke, stor nok niste, fjellski, skismurning, feller og sitjeunderlag. Prisen er kr. 450,- per person. Påmelding seinast dagen før på telefon 612 38 913 eller på e-post: post@bessheim.no

 

  • Langfredag 29. mars. Skitur til Besshø med turleiar

Langfredag vil Jon Sjurgard vera turleiar til Besshø. Avgang frå her klokka 08.30. Fjellski. Dei som melder seg på må ha skikkeleg utstyr og ha erfaring frå litt lengre skiturar i fjellet. Utstyrsliste: gode og varme turklede, ullundertøy, vindtette ytterklede, varme vottar med vindtrekk over, vindtett og varm lue, solbriller, drikke, stor nok niste, fjellski, skismurning, feller og sitjeunderlag. Jon er ein ivrig fjellkar som er veldig godt kjent i Jotunheimen. Han deler gjerne av kunnskapen sin om fjellet. Prisen er kr. 450,- per person. Påmelding seinast dagen før på telefon 612 38 913 eller på e-post: post@bessheim.no

 

  • Langfredag 29. mars. Stor påskebuffet

Stor påskebuffet med varme og kalde rettar og dessertbord. To bordsetningar, ei klokka 18.00 og ei klokka 19.30. Middagen kostar kr. 540,- per person. Halv pris for barn mellom 3 og 12 år. Bestill på telefon 61 23 89 13 eller på e-post: post@bessheim.no 

  • Langfredag 29. mars. Quiz

Vi arrangerer quiz i peisstugu kl. 20.30. Meld på lag til quizmesteren frå klokka 20.15.

 

  • Laurdag 30. mars. Sledetur med reinane Iver og Nils

Reinsgjetarane i Vågå Tamrein, Jørn Slettom og Ola Vaagaasarøygard, stiller med reinane Iver og Nils og slede. Du såg dei kanskje i NRK-serien «Gjeterar i Jotunheimen»? Bli med og kjør ei lita runde på isen på Øvre Sjodalsvatnet! Passar for barn. Møt opp kva tid du vil frå klokka 11.00 til klokka 14.00. Kroner 100,- per person.

 

  • Laurdag 30. mars. Påskeskirenn og hoppkonkurranse kl. 1300.

Tradisjonen tru vert det også i år arrangert påskeskirenn og hoppkonkurranse. Kle deg gjerne ut! Påmelding i resepsjonen, samt ute før start. Grilling av pølser og varm saft.

 

  • Laurdag 30. mars. Påskekveldsfeiring!

Vi serverer treretters middag klokka 1900. Menyen er forskjellige smakar av fjellaure til forrett, filet av rein til hovudrett og blautkake, moltekrem og skryller til dessert. Gruppa Bygdafolk spelar til dans og underhaldning. I Bygdafolk spelar Jan og Gro Visdal, Ragnhild Jøndal Bjertnes og Bente og Kristin Akseln Hagen. Middagen kostar kr. 520,- per person. Halv pris for barn mellom 3 og 12 år. Bestilling i resepsjonen, på telefon 61 23 89 13 eller på e-post: post@bessheim.no innan klokka 22.00 kvelden før.

 

Isfisking

Mange brukar påskedagane her i Sjodalen på isfisking. Du har mange gode fiskevatn og velja i mellom. Øvre og nedre Sjodalsvatn, Gjendeosen og nedre Leirungen er dei mest populære. Det er fin fjellaure i desse vatna. Du må ta med utstyr sjølv.  Barn under 16 år fiskar gratis og dei vaksne kan kjøpe fiskekort anten i resepsjonen eller på Vågå Fjellstyre sine fine heimesider: www.vaga-fjellstyre.no

 

Hundekjøring i Sjodalen 

Hundekjøring med slede i vintervakre Sjodalen er ei heilt spesiell oppleving! Vi har to tilbyderar av hundekjøring. På Sjodalen Hyttetun, 18 km nord for Bessheim, er det hundekjøring i palmehelga, skjærtorsdag, langfredag og 1. og 2. påskedag. Sjå www.sjodalenhyttetun.no for meir informasjon.  I Randsverk held Jotunheimen Husky Lodge til. Ved bestilling på førehand tek dei turen hit til Bessheim. Sjå www.jotunheimenhuskylodge.no

 

Påskemenyen 2024

 

    • Fredag 22. mars

    Bakt torsk

    Filet av haustens vilt, med grønsaker, ein god viltsaus og hasselbackpoteter

    Sjokoladetallerken

     

    • Laurdag 23. mars

    Middagsbuffet med lokale smakar og tranchering av lam frå Vågå. Dessertbord.

     

    • Søndag 24. mars

    «Ein smak av Jotunheimen». Ein tallerken med forskjellige lokale godbitar.

    Dagens fisk. Lokal fjellaure, dersom vi får tak i det

    Crème Brûlée med einebærgranite

     

    • Måndag 25. mars

    Dagens supe

    Kokt reinskjøt servert på tradisjonelt vis med lauksaus saus, rotgrønsaker og potetstappe

    Brunostkake med bærmousse

     

    • Tysdag 26. mars

    Middagsbuffet med lokale smakar og tranchering av lam frå Vågå.

    Dessertbord.

     

    • Onsdag 27. mars

    Aurefilet med kremsaus

    Fersk torsk eller kalvefilet, valfritt

    Sitronterte

     

    • Skjærtorsdag 28. mars

    Krema fiskesupe

    Heilsteikt hjortelår med grønsaker, bakte poteter og saus. Tranchering i spisesalen

    Sjokoladedessert

     

    • Langfredag 29. mars

    Stor påskebuffet med varme og kalde rettar og dessertbord. To bordsetningar, ei klokka 18.00 og ei klokka 19.30.

     

    • Påskekvelden – laurdag 30. mars (DENNE KVELDEN ER MIDDAGEN KL 1900 FOR ALLE).

    Smakar av fjellaure

    Reinsdyr frå Vågå med friske grønsaker, viltsaus og potetstappe

    Blautkake og moltekrem med skryller

     

    • Søndag 31. mars

    Grava reinsdyr med tyttebærrømme

    Oksekjøt med grønsaker, poteter og saus

    Dagens dessert

     

    Prisen på treretters middagsmenyen vår er 490 kr per person. Langfredag og påskekvelden er prisen 540 kr per person. Har du rom inkludert pensjon, er middagen inkludert i prisen.

    Det kan bli endringar i menyen.

    Middagen blir servert klokka 1830 – 20.30 kvar kveld, og kan bestillast per e-post på post@bessheim.no eller telefon 61 23 89 13.

    Sesongen 2024 tilbyr vi i tillegg take away til utleigehyttene. Det går an å bestille ein koldttallerken med smakar av til dømes rein, elg, hjort, potetsalat, eggerører, flatbrød og brød til kr. 340,- per person som du hentar i resepsjonen. Vi må ha bestilling på dette dagen før. Du som har privat hytte i Sjodalen er også velkomen til å benytte deg av dette tilbodet!