Sommaren på Bessheim

 

 

Om sommaren er Bessheim Fjellstue og Hytter utgangspunkt for mange fine fjellturar, med Besseggen som den mest kjende. Med Gjendebåten som ein del av turen slepp du å gå fram og attende! Men det er òg mange andre turar å anbefale, både Knutshø og Bukkelægeret er fine turar om sommaren. Av litt lengre turar kan vi nemne Besshø (2258 moh) og Nautgardstind (2257 moh).

Dagsturtips frå Bessheim

Her er tips til ulike fjellturar du kan gå frå Bessheim. Du finn nokre tips her på nettsida vår  om kortare og lengre dagsturar, som vi vonar vil inspirere deg til gode dagar i fjellet.

 

  • Nautgardstinden(2257 moh)
    Dette er ein lang dagstur frå Bessheim. Turen tek fort 8-10 timar. Gå stigen mot Bessvatnet og ta inn på ruta mot Glitterheim der elva Bessa svingar inn mot venstre. Følg stigen til Russvatnet. Kryss elva over bru og ta av stigen ved hyttetunet ved Russvassosen. 1100 høgdemeter ventar. Det er ingen utsette parti på turen, den raskaste ruta er rett på sørøstryggen.


  • Besseggen (1743 moh)
    Informasjon om Besseggenturen finn du her.
    Film frå Besseggenturen


  • Bessvatn (1373 moh)
    Frå Bessheim kan du gå opp til Bessvatnet. Det er 400 høgdemeter opp dit, og ein vaksen person brukar ca ein time. Turen er nokså bratt. Turen går opp den gamle seterkvea her på Bessheim, beint oppover. Etter eit stykke går stigen meir til venstre, og du kjem etter kvart opp og bortover mot elva Bessa. Resten av turen går stigen langs med Bessa opp til Bessvassosen. På denne turen får du fin utsikt over heile Sjodalen under deg. Litt over halvvegs går du forbi nokre kulpar i elva som er fine å bade i.


  • Bessvatnet rundt (eller ein annan måte å gå Besseggen)
    Følg stigen til Bessvatnet. Der fortsett du langs vatnet på høgre side. I starten god synleg stig, seinare meir utydeleg. Det kan vera vått langs vatnet, men det er lett terreng. I vestenden på Bessvatnet er det grei oppstigning til bandet der du kjem inn på ruta over Besseggen frå Memurubu. Gå opp Besseggen og følg den vanlege stigen over Veslefjellet til vegskilje der varda stig går ut til venstre og ned att til Bessvassosen. Kryss Bessa over brua og følg stigen ned att til Bessheim. Turen tek 5-6 timar.


  • Besshø (2258 moh)
    Dette er ein krevjande tur, som startar her på Bessheim. Du skal opp nesten 1300 høgdemeter. Du går opp til Bessvatnet, innover langs med Bessvatn heilt til du kjem til elva som på kartet har namnet Grjotåa. Frå her følgjer du denne elva oppover. Frå her går det over frå gras og mosebakkar til stein og urd. Det er små vardar oppover.  Etter kvart kjem du opp på Brua som er eit parti der du har Bessbreen på eine sida og det er bratt ned på andre sida. Her er du ikkje i tvil om kvar du skal gå. Når du har gått oppver Brua fortset du opp mot toppen. På toppen blir du lønna med ei fantastisk fin utsikt over heile Jotunheimen! Og det er artig å titte ned på alle som går over Besseggen.


  • Besstrondrundhø (1421 moh)
    Hit brukar du ca 2 timar. Du går opp til Bessvatn og går austover mot Besstrondrundhø. Du går forbi nokre tjern som er fine å bade i.


  • Bukkelægret (høgste punktet er ca 1400 moh)
    Denne ruta går frå Gjendebu til Memurubu eller omvendt, og er rekna som ein 5 timers tur. Du tek Gjendebåten inn om morgonen. Går du frå Gjendebu til Memurubu kan du anten ta båten til Gjendesheim att, eller du kan gå langs med vatnet frå Memurubu til Gjendesheim. Det tek om lag 3 timar.


  • Gjendehalsen
    Dette er høgdedraget mellom Bessheim og Gjendesheim. Frå Bessheim må du følge riksvegen til brua over Bessa er passert. Derifrå går det sterk stig oppover lia. Etter 1 times gange når du toppen av ryggen og har flott utsikt over Gjende. Området har rik flora. I august blømer fjelldronninga i berga mot Veslefjell. Denne turen kan gjerne vera del av ein rundtur som fortsett stigen mellom Gjendesheim og Glitterheim til Bessvatnet. Følg denne stigen over bru over elva og ned til den møter stigen nedover lia attende til Bessheim. Heile turen tar 3-4 timar inkludert ein god rast.


  • Langs Gjende til Memurubu
    Dette er ein lettare tur enn Besseggen, men det må reknast ca 4 timar. Denne turen går i svært flott landskap med frodig flora. Den rikaste blomstringa er i midten av juli. Da kan du finne orkidear her, men langt tidlegare blømer liljekonvallen. Jostigen går av denne stigen etter ei umerka rute der du kan ta deg opp på Besseggen. Heimturen går med Gjendebåten.


  • Hulderstigen (ca 900 moh)
    Dette er ein artig og lærerik tur i naturreservatet i Stuttgonglia. Dette er ein natur- og kulturstig på 5,5 km i lett turterreng. Undervegs finn du postar med informasjon og ein fin rasteplass. Turen passar godt også for barn. Du kjører bil frå Bessheim nordover og ned til Russtangen. Her ser du skilt der det står Huldrestigen. På parkeringsplassen, som er startpunkt for turen, finn du informasjon om sjølve turen.

For fleire turtips  til toppar over 2000 meter, anbefaler vi boka "Norges fjelltopper over 200 meter" av Julia og Morten Helgesen. Her finn dykk særs gode turskildringar.

 


 

 

Dagsturar frå Bessheim (med litt informasjon om kva dei kan oppleva i løpet av ein dag)

  • Beitostølen
    Det er 35 km frå Bessheim til Beitostølen. Du brukar berre ein halvtime med bil hit. Her er det daglegvareforretningar, aktivitetar for born, open støl med mange dyr, solarium og fleire kafear og restaurantar.
  • Vågåmo
    Til Vågåmo, sentrum i Vågå Kommune er det 56 km. Her er det bowling, daglegvareforretningar, sportsbutikk, Vågåkyrkja, prestegarden Ullinsvin, bygdatunet og Jutulheimen.
  • Lom sentrum
    Frå Bessheim til Lom sentrum er det 75 km. Her finn du Lom Stavkyrkje, Steinsenteret, bygdamuseumet Presthaugen, eit godt bakeri, daglegvareforretningar og fleire sportsbutikkar.
  • Heidal
    Til sentrum i Heidal er det 45 km frå Bessheim. Gjennom Heidal renn den mest kjende og beste raftingelva i landet: Sjoa. Nisseloftet, heimebakeri, ysteri, brukskunst, rafting, kajakkpadling og anna elvesport. Heidal er den bygda i landet med størst konsentrasjon av gamle hus frå 1600 og 1700 talet –her er det mange fine gardar!
  • Bessheim - Bygdin  - Jotunheimvegen – Skåbu – Vinstra – Sjoa – Heidal – Randsverk – Bessheim
    Dette er  ein fin rundtur som tek 3-4 timar. Du får med deg Valdresflya, geitestølane ved Vinstervatn, fjellbygda Skåbu. Vidare går turen ned til Vinstra. Som eit alternativ til E6 kan du køyre baksidevegen opp til Sjoa. Her kjører du oppover Heidal og vidare innover Sjoadalen til du er framme på Bessheim att.

 


 

Rafting

 

Sjoa er den mest kjende raftingelva i Noreg. Her er det 4 raftingselskap som tilbyr raftingturar.

www.heidalrafting.no www.sjoarafting.no www.nwr.no www.gorafting.no

Desse selskapa tilbyr også elvepadling, juving, breturar, kajakkturar og ei rekkje andre aktivitetar.

 

 


 

Fiske

 

Vi har mange fine fiskevatn rundt oss! Rett utanfor Bessheim ligg Øvre Sjodalsvatn. Elles kan vi nemne Øvre og Nedre Leirungen, Gjende, Bessvatn og Nedre Sjodalsvatn. Mange fiskar i Sjoa, som renn ut av Gjende. I alle desse vatna er det fin aure som du kan fiske med stong. Det er lovleg å fiske mellom 15. mai og 25. september. Eit døgnkort kostar kr. 50,- pr person. Barn under 16 år fiskar gratis i heile landet. Elles sel vi også 3-døgnskort, vekekort og sesongkort. På somme mindre vatn har utanbygdsbuande også høve til å bruke oter.

 

www.vaga-fjellstyre.no

 

For organiserte turer eller turar med guide samarbeider vi med Naturopplevingar.

valid xhtml valid css