Våren på Bessheim

Hunden Bessa på tur på Bessa i mai. Foto: Bessheim Fjellstue

Vårskiturar på Valdresflya
Når riksveg 51 over Valdresflya opnar om våren, startar sesongen for vårskitur. Eit 10-tals toppar over 2000 meter er lett tilgjengelege frå toppen av Valdresflya, meir krevjande turar innover Leirungsdalen byr på flotte turmål med Tjønnholstinden (2329 moh) som den høgste. Som regel held skiføret fram til starten av juni. Vi kan nemne Rasletinden, Høgdebrotet og Kalvåhøgdene blant mange andre. Er været fint er dette ei fantastisk oppleving! Vanlegvis er det fint å gå på ski til langt ut i mai. På høgaste punktet byggjer Statens vegvesen no kafe, toalett og parkeringsplass til glede for alle fjellfolk.


Mai er kalvingstid for reinen til Vågå Tamrein AS. Øvre delen av Sjodalen med Leirungsdalen er kalvingsplass. Vi oppmodar alle om å ta omsyn til at reinen skal ha ro i denne perioden. Forstyrr ikkje dyra unødig og ta ansvar for at hundar er under kontroll.

 

Vårskiturar i Jotunheimen

Det fint å gå til Besshø og Nautgardstind utover våren.

 

 

 

Kiting på Valdresflya
Kiting blir meir og meir populært. Du står på eit slags surfebrett eller på ski og blir trekt av vinden etter ein stor skjerm eller ein drage. Valdreflya er vid og stor og nokså flat, og er ein ideell plass for kiting.

 


Pilking
Her i Sjodalen er det lang vinter, og snøen og isen på vatna ligg lenge utover våren. April er nesten finaste månaden for pilking, da er det mildt, lange dagar og ofte strålande sol. Er det  fint vær er det både spanande og triveleg og pilke! I vatna rundt oss er det aure (ørret på bokmål om nokon skulle vera i tvil om det). Det er fin fisk, og kan du få tak i fisk på opp mot kiloen. Dette er ein aktivitet som passar for folk i alle aldrar, og du treng ikkje vera i god form for å klare å pilke!

 

 Ting det er lurt å ta med på pilketur:

  • Borr til å få hol på isen med
  • Pilkestang + senn + krokar
  • Ause
  • Kniv
  • Pose til å ha fisken i
  • Maggot
  • Sitteunderlag
  • Godt med klede
  • Mat og drikke

 

valid xhtml valid css