Vinteren på Bessheim

Skiløparar på tur attende til Bessheim. (Foto: Bessheim Fjellstue)

 

Med vekslande terreng og stabile snøforhold er Bessheim eit strålande utgangspunkt for vinteraktivitetar. Vi kan tilby oppkjørte og merka løyper i variert terreng frå fjellskog til høgfjell. Av toppturar kan vi nemne Besshø 2258 moh, Nautgardstind 2257 moh og Heimdalshø 1840 moh.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ski - langrenn

 

Vi køyrer opp langrennsløyper med skuter og sporleggar frå vi opnar rundt 1. februar. Løypene går mellom dei forskjellige turistbedriftene i Sjodalen. Vi køyrer løyper til over påske. I tillegg er det mange kvista løyper i området vårt. Det blir ikkje køyrt opp spor her.

 

 

 

 

 


 

 

2000 meters toppar

  • Besshø (2258moh)
    Til Bessvatnet etter stikka løype. Fortsett rett fram gjennom skaret til høgre for Bessheimrundhø. Sving inn mot venstre og vestover i stigande terreng bak Bukkehø og over markert morenerygg. Sving mor høgre på moreneryggen slik at du held høgda inn på breen. Skrå opp på breen mot venstre som du kryssar diagonalt opp ein til smal rygg. Derifrå tung motbakke til toppen. Vanlegvis er det å føretrekke å gå på ski heilt opp. Ver forsiktig på nedturen. Besshø har bratte stup ut på alle kantar. 6-8 timar etter føre og form. Vi rår folk frå å gå sommarruta til Besshø. Dette er rasfarleg område.

 

  • Nautgardstinden (2257 moh)
    Sjå tur under sommar. 6-7 timar.

 

  • Heimdalshø (1840 moh)
    Dette er fjellet Bessheimgjestene har saman med den norske kongefamilien, som til vanleg feirer påske på Prinsehytta i Sikkilsdalen. Det er nok mindre av det nå, men tidlegare år har entusiastiske gjester kome heim etter å ha møtt medlemmer av kongefamilien på toppen av Heimdalshø.  Heile turen er synleg frå gardsplassen på Bessheim. Heimdalshø ligg fritt til og har uvanleg lang solgang.
    Følg stikka løype over øvre Sjodalen mot Brurskaret. I krysset mot Gåpåpiggen rett opp og på høgre side av eit mindre juv. Gå til toppen anten mot høgre og inn mot det høgste eller inn i skaret til venstre for toppen. 4-5 timar

 


 

 

Småviltjakt


Du kan jakte her om vinteren, det er god bestand av rype, hare og orrfugl. Det er statsallmenning så prisane på jaktkort er låge. Jakta varar frå 15. september til 1. mars kvart år. Vil du jakte i januar kan du leige hytte for sjølvhushald. Vi opnar fyrst i februar.

 

 

 


 

Pilking

Det er fint å pilke på Øvre Sjodalsvatnet, som ligg rett utanfor døra. Er det  fint vær er det både spanande og triveleg og pilke! I vatna rundt oss er det aure. Det er fin fisk, og kan du få tak i fisk på opp mot kiloen. Dette er ein aktivitet som passar for folk i alle aldrar, og du treng ikkje vera i god form for å klare å pilke!

Ting det er lurt å ta med på pilketur:

  • Borr til å få hol på isen med
  • Pilkestang + senn + krokar
  • Ause
  • Kniv
  • Pose til å ha fisken i
  • Maggot
  • Sitteunderlag
  • Godt med klede
  • Mat og drikke

 

Dersom du ikkje vil kjøpe det pilkeutstyr leiger vi ut dette på Bessheim.

 

 

 


 

 

Trugeturar
Ein trugetur kan vera eit fint alternativ dersom ein har lyst til å gjera noko anna enn å gå på ski ein dag. Vi leiger ut lette og moderne truger som er gode å bruke. Truger passar best i nokså bratt terreng, og det er lurt å bruke skistavar saman med trugene.

 

 

 

 


 

Påska i Bessheim

Vi har eit godt og variert påskeprogram for gjestane våre på Bessheim. Her er noko for ein kvar smak; leik og moro for barna, skiturar for vaksne. Sjå vårt eige påskeprogram for detaljert informasjon om årets påske.

• påskeskirenn
• quiz
• skiturar
• aking
• leik og moro
• grilling
• pilking

 


 

 

 

Andre vinteraktivitetar

For organiserte turer eller turar med guide samarbeider vi med Naturopplevingar.


• pilking
• isjuving
• trugeturar
• isklatring

 


 

Lemonsjøen Alpinsenter

 

 

Det er 35 km til Jotunheimen Lemonsjø Alpinsenter. Her finn du nedfartsløyper, halfpipe og mange store hopp. Skiheisen er 1400 meter lang og det er ein høgdeforskjell på 380 meter. Her finn du òg barneheis, skiutleige, snørafting og varmestove med kiosk. For priser og opningstider, Lemonsjø Alpinsenter.

Nyt ein dag i alpinbakken!

 

 

 

 


 

valid xhtml valid css