På føtene:

Du går den T-merka ruta frå Bessheim (967 m.o.h.) opp til Bessvatnet, (1373 m.o.h). Når du kjem opp hit ser du ein liten topp mot aust. Dette er Besstrondrundhø, 1421 m.o.h. Det er stig her, men han er ikkje merka. Du går forbi nokre tjern som er fine å bade i. Dette er ein tur på 3-4 timar opp og ned, og det er fin utsikt frå her fordi toppen ligg så fritt.

På ski:

Same rute som på sommaren. Det er kvista løype opp til Bessvatn og vidare til Glitterheim i tida rundt påske. Du tek av den kvista løypa mellom Bessvassosen og der det byrjar å gå nedover att mot Russvatn. Og så går du bort til Besstrondrundhø frå her.