Dette skjer i Bessheim gjennom året

Dei fleste som kjem til Bessheim og Jotunheimen kjem for å gå fotturar eller å gå på ski. Og mange kjem hit for ei spesiell matoppleving. Men det er også mange andre ting å bli med på i området vårt gjennom året. Eksempel på dette er guida turar, rafting i Sjoa, hundekjøring, klatring, sykling, besøkje Glittersjå Fjellgard eller ei av dei fine kyrkjene våre. I påska har vi eit rikhaldig program med foredrag, guida turar og og mykje god mat.

I fjellområda rundt oss beiter reinsdyra til Vågå Tamrein AS. Dette selskapet er ått av folk som bur i Vågå, har 1700 simler som kalvar om våren og 4 heilårstilsette reinsgjeterar. Ola og Jørn, som du kanskje har sett i fjernsynsserien «Gjeterar i Jotunheimen» på NRK, driv firmaet Jotunheimen Rein. Dei tek med seg gjestar på turar, sledekjøring og for å besøkje reinsflokken på dei tidene på året som det er mogleg. For meir informasjon kan du sjå på facebooksida deira.

Vinteren 2024

Vi opnar for vintersesongen fredag 9. februar 2024. Vi held ope kvar dag til over påske. Frå påske til 17. mai har vi ope helger og langhelger.

Nasjonalparkriket

Planlegg reisa di til Nord-Gudbrandsdalen. Her kan du finne informasjon om andre turistbedrifter i Vågå, Lom Skjåk, Dovre, Lesja og Sel. Regionen byr på gode matopplevingar, spanande aktivitetar og mange fine fjellturar. Her finn du svar på praktiske spørsmål og annan relevant informasjon. Les meir på nasjonalparkriket.no/

Hundekjøring

Hundekjøring er ein populær vinteraktivitet, og turar blir arrangert så sant snø- og løypeforholda tillet det.

Sesongen varar frå januar – april. Det er opplegg for både barn og vaksne og for kortare og lengre turar. Vi har to tilbydarar av hundekjøring her Sjodalen. Les meir på heimesida til SjodalenHyttetun: sjodalenhyttetun.no og Jotunheimen Huskylodge: jotunheimenhuskylodge.no

 

 

Sesongen 2023 – nokre dagar der vi har spesielle opplegg:

 

Vi opnar for vintersesongen fredag 10. februar! Frå da tek vi i mot gjestar på overnatting og vi har matservering kvar dag til over påske. Frå påske og fram til 17. mai held vi ope i helger og langhelger. Vi serverer middag frå ein liten a la carte meny kvar dag frå klokka 13.30 og utover. Kvar kveld har vi ein treretters meny. Denne blir som regel servert frå klokka 18.30. Somme kveldar har vi ein kveldsbuffet i staden.

 

Opningshelg med middagsbuffet og levande musikk! Laurdag 11. februar lagar vi middagsbuffet med mange spanande smakar av rein, fjellaure, elg og hjort. Godt utval av kalde og varme rettar, samt eit fristande dessertbord. Svein Rune Damstuen, Knut Erik Tessnes og Thomas Bakke spelar til underhaldning og dans. Ei bordsetning klokka 18.00 og ei klokka 19.30. Pris for middagsbuffet kr 480,- Påmelding til middag og booking av rom eller hytter på e-post: post@bessheim.no eller telefon 61238913.

 

Besseggen vintertur frå februar til godt over påske. Når du går Besseggen om vinteren så startar turen her i Bessheim. Ruta er følgjande: Frå Bessheim og opp til Bessvassosen, innover isen på Bessvatnet (6 km), opp Besseggen med skia på ryggen, vidare på ski opp til det høgaste punktet som er Veslefjell 1743 moh, og til slutt stå på ski nedatt til Bessheim. Besseggen er like fantastisk om vinteren som om sommaren!

 

Strikke- og spinnehelg 17-19. februar : Vågå Husflidslag og ull- og garnprodusenten Naturgull arrangerer kurshelg. Her skal vi spinne, strikke og eta god mat. Det blir tre forskjellige kurs, eitt spinnekurs, eitt kurs i sying av saueskinn og eitt kurs i fem forskjellige strikketeknikkar. Det er program heile helga, men det er rom for å ta seg ein liten tur ut på ski også!

Sjå PDF program her

 

Middagsbuffet. Laurdag 18. februar 2023 har vi middagsbuffet med mange spanande smakar av rein, fjellaure, elg og hjort. Godt utval av kalde og varme rettar, samt eit fristande dessertbord. Bestill bord på post@bessheim.no

 

Parteringskurs. Laurdag 25. februar 2023 held kjøkensjef Bjørn Ekerbakke kurs i partering av rein. Han deler opp eit heilt slakt og viser korleis du går fram ved partering. Han fortel også om korleis du kan nytte stykningsdelane på ein best mogleg måte. Kurset er på kjøkenet på Bessheim mellom klokka 12.00 og 15.00 laurdag 25. februar. Toretters lunsj er inkludert i prisen. Prisen er kr. 650,- per person. Maks 10 deltakerar på kurset. Påmelding på e-post post@bessheim.no eller på telefon 612 38 913.

 

Øl og biff.  Laurdag 4. mars 2023 får vi besøk av Lom Bryggeri og trubadur Geir Byre. Vi serverer forskjellige typer biff med variert tilbehør av poteter, sausar og grønsaker. Lom Bryggeri vil presentere ølet sitt. Bryggeriet produserer øl under merkevara Lomb. Dei produserer lagerøl som i størst mogleg grad skal ha lokal tilknytning enten det gjeld bruk av råvarer, historisk tilknytning eller geografi. Lom Bryggeri har produksjonslokale i det som tidlegare var låven på driftsbygninga i Grjotheim. Geir Byre spelar i peisstugu etter middagen, og vi satsar på ein livleg kveld. Bestill på post@bessheim.no eller telefon 61238913. Prisen er kr. 480,- per person inkludert forrett og dessert. Halv pris for barn mellom 3 og 12 år. Drikke kjem i tillegg.  

Toppturveker 11-18. og 18-25. mars
Den erfarne guiden, Iver Lund Aakre,  tek deg med til fleire toppar over 2000 meter. Ein av dei er Besshø, sjølve majesteten i Aust-Jotunheimen. Frå toppen, 2258 moh., er det vidstrakt utsikt over heile Jotunheimen og austover heilt til Rondane. Terrenget ved Bessheim passar både for randonee- og fjellski. Iver Lund Aakre eig og driv guidefirmaet Fyrst og Fremst.
Meir informasjon og booking.

 

Femretters meny og vinkveld med dei lokale importørane Bertil&Martens laurdag 25. mars klokka 18.30. Pål Bertil og Olav held til på Otta og importerer italiensk og fransk vin. Dei har stor interesse for vin og har mykje artig å formidle. Middagsmenyen denne kvelden blir: smakar av fjellaure, skrei, reinsdyr, lokale ostar og ein sjokolade- og brunostdessert. Pris: 590,- per person for middagen. Drikke kjem i tillegg, og du treng ikkje å drikke vin. Bertil&Martens set ein vinmeny som passar til maten og fortel om vinane sine under måltidet. Pris på vinpakken er kr 650,- per person. Svein Rune Damstuen, Knut Erik Tessnes og Thomas Bakke spelar til underhaldning og dans i peisstugu etter middagen.

 

Påska 2023. I påska, som i 2023 er frå 31. mars til 10. april, har vi eit rikhaldig påskeprogram og ein eige påskemeny. Under fanen «PÅSKE» i menyen her på heimesida kan du lese meire om dette. 

 

Den 17. mai har vi nasjonaldagsbuffet. Vi har tre bordsetningar; ei klokka 13.00, ei klokka 15.15 og ei klokka 17.30. Pris: 410 kroner per person. Halv pris for ungar under 12 år, og gratis under 3 år. Bestill på post@bessheim.no eller 61238913. Velkomne til oss nasjonaldagen!

 

Skisesongen er over. Den 17. mai om kvelden stengjer vi, for da er det slutt på skiføret opp mot 2000-meterstoppane og på Valdresflya som regel.

 

Besseggensesongen startar fredag 9. juni. Da startar Gjendebåten å gå. Gjendebåten kjører fleire avgangar stort sett kvar dag fram til søndag 8. oktober. Du kan gå Besseggen heile denne perioden.

 

Besseggenløpet laurdag 17. juni. Bli med anten som mosjonist eller konkurranseløper. På 60-talet var løpet arrangert tre gonger, og da sprang Reidar Andreassen på 1 time og 16 minutt. Frå 2011 har løpet vore arrangert kvart år, og det går frå Memurubu til Gjendesheim. Rekorden er på 1.15.14, sett av Tomas Bereket i 2014. Lengda er 14 km og høgdeskilnaden er på 1100 meter. Damerekorden er på 1.35.31, sett av Tuva Toftdal Staver. For påmelding og informasjon sjå www.bessegglopet.no

 

Hausthelgene. Helgene frå 25. august til 24. september, samt helga 6-8. oktober har vi fredagane ein mindre buffet med rummegraut og spekemat, ein fiskerett, samt dessertbord. Fiskeretten er lokal fjellaure, så sant vi får tak i det. Laurdagane i denne perioden har vi middagsbuffet med kalde og varme rettar og dessertbord. Mange spanande smakar av rein, hjort, elg og fjellaure. Siste helga i september har vi bryllup, og kan difor ikkje ta i mot bestilling frå andre gjestar til middag laurdag den 30. september. Da tilbyr vi ein treretters middag som take away til hyttene. Frokostservering og middag fredag kveld foregår denne helga på vanleg måte i spisesalen.

 

Rupejakta startar onsdag 15. september. I alle fall dersom rupebestanden tek seg opp att. Uansett er det jakt på hare og skogsfugl mm. Du må søkje Vågå Fjellstyre om jaktkort innan 1. april 2023.

 

Haustferien – veke 40.  Gjendebåten går nesten kvar dag heile hausten, fram til laurdag 7. oktober. Sjå www.gjende.no for å bestille billettar. 

Fjellaurekurs. Onsdag 4. oktober 2023 held kjøkensjef Bjørn Ekerbakke matkurs om den fine råvara fjellaure. Han går i gjennom fleire metoder for å foredle auren, som til dømes røyking, sylting, raking og så vidare. Han viser også måtar å filitere fisken på. Kurset byrjar klokka 12.00 onsdag 5. oktober og varar i 3 timar. Lunsj er inkludert og prisen er kr. 550,- per person. Maks 10 deltakarar. Påmelding på e-post på post@bessheim.no

Parteringskurs. Torsdag 5. oktober 2023 held kjøkensjef Bjørn Ekerbakke kurs i partering av rein. Han deler opp eit heilt slakt og viser korleis du går fram ved partering. Han fortel også om korleis du kan nytte stykningsdelane på ein best mogleg måte. Kurset er på kjøkenet på Bessheim mellom klokka 12.00 og 15.00. Toretters lunsj er inkludert i prisen. Prisen er kr. 650,- per person. Maks 10 deltakerar på kurset. Påmelding på e-post post@bessheim.no eller på telefon 612 38 913.

 

Laurdag 7. oktober 2023 har vi middagsbuffet med kalde og varme rettar og dessertbord. Mange spanande smakar av rein, hjort, elg og fjellaure. Vi kjem til å ha levande musikk i peisstugu etter middagen denne kvelden.

 

Søndag 8. oktober 2023 stenger vi Bessheim for vinteren. Vi kjem ikkje til å ha middagsservering denne dagen. Takk for i år!

Munch i Vågå

Farsslekta til målaren Edvard Munch budde i Vågå i fleire generasjonar. Han hadde ofte Vågå i tankane, og hadde eit nær forhold til Vågå heile livet. Ut frå eigne brev og skissebøker er det dokumentert at Edvard Munch gjorde minst fem reiser til Vågå mellom 1895 og 1939.

Reis til Vågåmo, og bli med på Munch vandringa. På vandringa er du innom prestegarden Ullinssvin og Vågå Kyrkje, der Edvard hentainspirasjon. Les meir på www.munchivaga.no