Overnatting og camping ved Besseggen

Vi tilbyr overnatting i rom, leilegheiter og hytter. I tillegg har vi ein enkel campingplass. På Bessheim er det til saman 180 senger. Romma har fjellstovestandard med oppreidde senger, og dusj og toalett. Både standard og storleik varierer mykje på hyttene og leilegheitene. Her finn du informasjon om dei forskjellige alternativa våre. Bestille gjer du på i webbookingen under. For grupper, bryllup, lag av forskjellige slag, skriv e-post til post@bessheim.no

Det løner seg alltid å bestille direkte til Bessheim. Vi har online booking. I onlinebookingen kan du bestille hytter og rom/frokost. Når du har sendt inn bestillinga får du ein e-post med spørsmål om du vil bestille middag nokon av kveldane som du bur her.

Hundar er velkomne på alle rom og alle hytter, så sant dei er stille. Det er ikkje lov å ha hundane i sengene og i sofaen. Ta ikkje med hunden inn i spisesalen, resepsjonsområdet og stovene i hovudbygningen, for andre gjestar kan oppfatte det som ubehageleg.

Vi har fire elbilladarar som du kan betale for å bruke på veggen på hovudbygningen. Vi vil ikkje at du skal lade ut frå hyttene eller romma, for vi kan få problem med det elektriske anlegget. Og blir det brann får vi da problem med forsikringa vår.

Rom

På Bessheim har vi 64 senger fordelt på 27 rom inne på fjellstua. Det er oppreidde senger og handkle på alle romma. Det er dusj og toalett på alle saman, utanom på fem av dei. Dei romma som ikkje har bad har handvask på rommet, toalett i korridoren og dusj i kjellaren.

Rom med frukost kostar kr. 1100 (*1500) per person per natt i dobbelt-, tresengs- eller firesengsrom. *I helgene sist i august og i september er prisen på rom med frokost kr. 1500,- per person per natt.

Halvpensjon (rom, treretters middag, frokost og niste) kostar kr. 1760,- per person per natt i dobbelt-, tresengs- eller firesengsrom. Overnattar du i tre døgn eller meir er pensjonsprisen kr. 1660,- per person.

Prisen er pr. person pr. døgn i dobbeltrom med dusj og toalett. Det er tillegg for enkeltrom. Tillegget varierer ut i frå sesong. Barn 3-12 år halv pris. Barn 0-3 år gratis.

Innsjekk er mellom 16.00 og 22.00. Kjem du seinare enn klokka 22.00 gjer du ei avtale med resepsjonisten. Utsjekk er klokka 11.00 på rom, klokka 12.00 for leilegheitene og hyttene. Vi treng tida fram til klokka 16.00 til å reingjere alle romma og hyttene.

Hytter og leilegheiter

På Bessheim har vi 27 hytter og leilegheiter med til saman 116 senger. Det er plass til 2-10 personar i kvar hytte/leilegheit. Dei fleste hyttene og leilegheitene har dusj og toalett og fullt utstyrt kjøken. Ved leige av hytte eller leilegheit kjem måltida, utvask og sengeklede i tillegg. Det er dyner og puter på alle hyttene, men det er ikkje oppreidd og det er ikkje handkle i prisen. Prisen på leige av sengetøy er per person per opphald, uansett om opphaldet er eitt eller fleire døgn.

Reinhald: I tillegg kjem eventuell reingjering av hyttene, dersom du ikkje vil vaske ut sjølv. På hytte 3, 4, 5 og 17 kostar reingjering kr. 350,- På hyttene 7, 8 og 12 kostar det 500 kr, og på alle andre hytter er prisen kr 800. Reingjering attpå påska kostar kr. 800,- pr hytte.

Innsjekk er mellom 16.00 og 22.00. Kjem du seinare enn klokka 22.00 gjer du ei avtale med resepsjonisten. Utsjekk er klokka 12.00 på hytter. Vi treng tida fram til klokka 16.00 til å reingjere alle romma og hyttene. 

Leie av sengeklede: Kr. 185,- pr. sett.

Frokost: Kr. 240,- Nistepakke: Kr. 140,- Termos 30-60 kr avhengig av innhald og storleik. Middag med tre rettar: Kr. 610,- Alle desse prisane er per person.

På dei fleste hyttene er det kjøken, og somme vel å kokke sjølve under opphaldet her. Nærmaste matvarebutikk om vinteren, når Valdresflyvegen er stengt, er i Randsverk. Dit er det 30 km. Butikken der er i open i vinterferien, i påska og frå 1. mai til 5. oktober. Når vegen over Valdresflya er open finn du matvarebutikk på Beitostølen. Dit er det 38 km. I raftingbygda Heidal er det kiwi, og det er 45 km dit. Vi rår deg til å ta ein tur innom Heidal Ysteri. Her driv dei med produksjon av brunost og dei har ein triveleg kafe med gode bakervarer. Inga anna bygd i Norge har ei slik samling med gamle tømrahus.

Om sommaren er det open matvarebutikk på Besseggen Fjellpark, 3 km sør for Bessheim og på Jotunheimen Caravancamp, 6 km nord for oss. Dette er små butikkar. Til Vågå sentrum er det 55 km. Rundt den vakre Vågåkyrkja finn du artige butikkar og kafear i eit triveleg bygdasentrum. For den kulturinteresserte er både prestegarden Ullinsvin og bygdamuseumet Jutulheimen verd eit besøk.

SLIK ER HYTTENE OG LEILEGHEITENE:

Hytte 3 + 5: Små campinghytter frå 60-talet. 4 senger, kjøkenbord, kjøleskap og kokeplate. Ca 12 kvadrat. Ikkje kjøkenutstyr og innlagt vatn. Dusj og toalett i sanitæranlegget like ved. Gamle, slitte hytter med låg standard. Prisen er kr. 650,- per natt. Desse leiger vi ikkje ut i vintersesongen.

Hytte 4: Lita campinghytte frå 60-talet. 2 senger, kjøleskap, kjøkenbord og kokeplate. Ca 12 kvadrat. Ikkje noko kjøkenutstyr eller innlagt vatn. Dusj og toalett i sanitæranlegget like ved. Gamal, slitt hytte med låg standard. Prisen er kr. 650,- per natt. Denne leiger vi ikkje ut i vintersesongen.

Det var opprinneleg fem slike små campinghytter her. Nummer 1 og 2 er borte. Bestefar handla desse hjå Gunnar Horten i Fåvang på 60-talet, hjå han som seinare byrja å produsere dei populære ferdighusa.

Onkel Toms Hytte, nummer 12: Lite tømmerhus frå 1800-talet med 4 senger (to køyesenger). Enkelt utstyrt kjøken m/ oppvaskbenk og kjøleskap. Innlagt vatn. Alt i same rommet. Dusj og toalett i sanitæranlegget like ved. Gamal, slitt hytte med låg standard, men på sett og vis den trivelegaste hytta vi har. Ho er gamal og har sjel. Namnet kjem ikkje frå den kjende boka, men at det var ein kar, «onkel Tom», som hadde med seg tre nevøar hit kvar sommar i mange år. Men det er nok lenge sidan, for dette var noko bestemor Kari vart fortald når ho var jentunge på 1920-talet. Prisen er kr. 940,- per natt. Denne leiger vi ikkje ut i vintersesongen.

Hytte 17: Lita plankehytte med tre senger, enkelt utstyrt kjøken med oppvaskbenk og kjøleskap. Innlagt vatn. Alt i same rommet. Dusj og toalett i sanitæranlegget like ved. Her er ingenting beint, korkje golvet, taket eller veggane. Gamal, slitt hytte med låg standard, men utsikta er fin da! Prisen er kr. 650,- per natt. Denne leiger vi ikkje ut i vintersesongen.

Hytte 6: Nokså stor hytte frå OL på Lillehammer med 3 soverom med 2 senger på kvart rom. På eine soverommet er det ei dobbeltseng, på dei to andre er det to enkeltsenger. Lite bad med dusj og vassklosett. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Stove og liten veranda. Slike hytter er det mange av rundt om i distriktet, for dei var selde etter at dei hadde gjort teneste som husrom for OL-deltakarane. Kanskje har det budd ein OL-vinnar i denne hytta? Prisen er kr. 1990,- per natt. I påska, frå tysdag den 23. mars til søndag den 28. mars, er prisen kr. 2140,- per natt.

Hytte 7 og 8: To leilegheiter i eit hus frå OL på Lillehammer. Eitt soverom med 2 senger, lite bad med dusj og wc og kjøken med kjøkenutstyr, kaffetraktar, kokeplater og kjøleskap. Slike hytter er det mange av rundt om i distriktet, for dei var selde etter at dei hadde gjort teneste som husrom for OL-deltakarane. Kanskje har det budd ein OL-vinnar i denne hytta? Prisen er kr. 1080,- per natt. I påska, frå tysdag den 23. mars til søndag den 28. mars, er prisen kr. 1080,- per natt.

Sandnesstugu, nummer 9: Gamal seterstugu frå 1800-talet med til saman 7 senger. Ho er nok ikkje gamlare enn frå 1880-talet for i ei reiseskildring frå ein turist står det å lese at seterstugu her nyleg hadde brunne. Eitt soverom med tre senger (dobbeltseng med køye på toppen) og eitt soverom med fire senger (2 køyesenger). Stove med peis. Kjøkenkrok i stova. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Bad med dusj og toalett. Veranda. Prisen er kr. 2090,- per natt. I påska, frå tysdag den 23. mars til søndag den 28. mars, er prisen kr. 2240,- per natt.

Kavalerstugu, nummer 13: Gamalt hus frå 1800-talet med til saman 10 senger. Kavalerstugu er med på dei gamlaste bilda vi har, saman med Sandnesstugu. To soverom med tre senger (familiekøyer), og eitt med fire senger (to køyesenger). Stove med peis. Kjøkenkrok i stova. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Bad med dusj og toalett. Prisen er kr. 2210,- per natt. I påska, frå tysdag den 23. mars til søndag den 28. mars, er prisen kr. 2410,- per natt.

Leilegheit nummer 19, 20 og 21. Desse tre leilegheitene ligg i Bekkestugu. Det er inngang til kvar enkelt leilegheit frå ein lang korridor. Til saman 7 senger i kvar. 2+4 senger i 2 soverom i 2. etasje, samt 1 seng på stova. Dusj og wc, stove og kjøkenkrok i 1. etasje. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Må gå gjennom eine soverommet for å koma inn i det andre. Prisen er kr. 1990,- per natt. I påska, frå tysdag den 23. mars til søndag den 28. mars, er prisen kr. 2140,- per natt.

Bestefar Knut reiv Bekkestugu, som du kan sjå på gamle bilde, og bygde dette moderne huset på 1970-talat. Vi har renovert bada og kjøkena i alle tre leilegheitene. På gamle Bekkestugu var det dører på oversida, og gjestane kunne stå ned frå Bessvatnet på ski heilt inn på stovegolvet.

Bensinbua, nr. 22. Leilegheit i 2. etasje på eit hus frå 2009. Til saman 4 senger. Eitt soverom med dobbeltseng. Stove med kjøkenkrok og vedomn. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Køyeseng i stova. Denne er solid. Fjernsyn. Bad med dusj og toalett. Veranda. Prisen er kr. 1770,- per natt. I påska, frå tysdag den 23. mars til søndag den 28. mars, er prisen kr. 1920,- per natt.

Bensinbua, nr. 23. Leilegheit i 2. etasje i eit hus frå 2009. Til saman 6 senger. To soverom med ei dobbeltseng i kvart soverom. Ei køyeseng i stova. Denne er solid. Stor stove med kjøkenkrok. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Bad med dusj og toalett. Fjernsyn. Veranda. Prisen er kr. 2090,- per natt. I påska, frå tysdag den 23. mars til søndag den 28. mars, er prisen kr. 2240,- per natt.


Leilegheitene er i andre etasje, slik at det det er ei felles trapp opp for nummer 22 og 23. På grunnplanet har vi lager. Grunnen til namnet er at det var bensinstasjon her fram til i 1994, og at denne stod her. Det var travelt for bensinguten om sommaren på 70- og 80-talet.

Hytte 27-32: Renoverte, vertikaldelte hytter frå 70-talet. Det er to og to leilegheiter i kvart hus. Til saman 4 senger. 2+2 senger i 2 soverom i 2. etasje. Dusj og wc, stove og kjøkenkrok i 1. etasje. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Prisen er kr. 1770,- per natt. I påska, frå tysdag den 23. mars til søndag den 28. mars, er prisen kr. 1920 per natt.

Leilegheit nummer 33,34,36: Til saman tre sengeplassar i eitt soverom. Dette er ei familiekøye. Dusj og wc i eit nokså stort bad. Stove og kjøkenkrok. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Det er tre leilegheiter per hus her. Prisen er kr. 1410,- per natt. I påska, frå tysdag den 23. mars til søndag den 28. mars, er prisen kr. 1510,- per natt.

Leilegheit nummer 35, 37, 38: Eitt soverom med dobbeltseng, stove, kjøkenkrok og bad med dusj og wc. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Det er tre leilegheiter per hus her. Prisen er kr. 1410,- per natt. I påska, frå tysdag den 23. mars til søndag den 28. mars, er prisen kr. 1510,- per natt.

Camping

Sjå eiga side for campingmoglegheiter.