Velkomen til Bessheim Fjellstue & Hytter

Bessheim ligg like ved Besseggen i Jotunheimen. Vintersesongen varar frå 6. februar til 21. mai 2020, og Gjendeguiden har guida turar til Besseggen jamnleg heile vinteren og våren! Fottursesongen startar fredag 5. juni i 2020, for da startar Gjendebåten å frakte passasjerar for å gå Besseggen. Gjendebåten går kvar dag fram til 4. oktober 2020, og vi held ope like lenge. Sentralt plassert ved fylkesveg 51, har vi sidan 1890 losjert og servert fjellvandrarar og reisande langs den Nasjonale turistvegen over Valdresflya. Her på Bessheim har vi rom, utleigehytter, leilegheiter og matservering. 

Booking

Innsjekk:Utsjekk:

KORONA: Frå fredag 5. juni 2020 vil vi ha ordinær drift med utleige av rom, hytter, plassar for camping og matservering. Her på Bessheim har vi god plass, vi har romslege stover og ein stor og luftig spisesal. Dette gjer det enklare å følgje avstandskravet på 1 meter. Vi følgjer sjølvsagt retningslinjene til folkehelseiinstuttet for å unngå koronasmitte i alle ledd av drifta vår.

Sommaren 2020 tilbyr vi take away til utleigehyttene på grunn av korana. Ikkje alle er komfortable med å sitje i spisesalen saman med andre gjestar. Difor går det an å bestille ein koldttallerken med smakar av til dømes rein, elg, hjort, potetsalat, eggerøre, flatbrød og brød til kr. 325,- per person som du hentar i resepsjonen. Dette er kaldmat og mengdemessig tilsvarar det ein middag. Vi må ha bestilling på dette dagen før. 

Det løner seg alltid å bestille direkte til Bessheim. Vi har online booking. I onlinebookingen kan du bestille hytter og rom, ikkje campingplass. Når du har sendt inn bestillinga får du ein e-post med spørsmål om du vil bestille middag nokon av kveldane som du bur her. NB: I helgene sist i august og i heile september tek vi i mot bestilling berre på heile helger. Og da må du sende ein e-post i staden for å bruke webbookingen. Vi har ledige både hytter og rom i dei populære hausthelgene enda!

Overnatting og camping

Vi tilbyr overnatting i rom, leilegheiter og i hytter her på Bessheim. I tillegg har vi ein liten campingplass. Vi har totalt 180 senger fordelt på 27 rom og 27 hytter og leilegheiter. Inne på fjellstua har vi 64 av desse sengene. Romma har ikkje hotellstandard, men det er oppreidde senger og dusj og toalett på dei fleste. Hyttene har mellom 2 og 10 senger, og storleik og standard varierer mykje.

Mat

I restauranten vår serverer vi frokost, middag frå ein a la carte-meny på dagtid og ein god treretters middag om kvelden. På frokostbuffeten kan du smørje nistepakke og å få fyllt termos til dagens tur.

Kaféen er open frå klokka 11.00 til 20.30 kvar dag. Frå klokka 13.30 og utover ettermiddagen serverer vi middag frå ein a la carte-meny. Dersom du ynskjer å reserverer bord til treretters middag, tek vi gjerne i mot bestillinga di dagen i forvegen.

Tips til turar i Sjodalen og i Jotunheimen

Bessheim ligg i Sjodalen, i Jotunheimen. Øvst i Sjodalen er du på 970 meter over havet, og du er like ved tregrensa. Du har mykje å velje i når det gjeld turmål. Alt frå stutte turar til krevjande ruter til nokre av dei høgaste fjella i landet. Det tek 10 minutt å kjøre opp på Valdresflya, som ligg på 1400 m.o.h. Går du frå Bessheim og opp til Bessvatnet, kjem du til grensa til Jotunheimen Nasjonalpark. Frå her ser du majestetiske Besshø på 2258 m.o.h. På andre sida av Øvre Sjodalsvatn ser du Sikkildalshø og Heimdalshø, som også er fine turmål. På Bessheim kan du gå på tur sommar som vinter. Spør gjerne etter turtips!

Sommar

Sommarsesongen 2020 startar fredag 5. juni, og vi stengjer søndag den 4. oktober.

Det er dette som er tida for å gå Besseggen og mange andre fine fjellturar i Jotunheimen. Gjendebåten går stort sett kvar dag i denne perioden. For å finne båttidene går du inn på www.gjende.no Her og på www.besseggen.net finn du all informasjonen du treng for å gå ein av dei mest populære fjellturane i landet.

NB: Hugs at du må bestille deg båtbillett på førehand!

Vinter

Vintersesongen på Bessheim varar i år 2021 er frå torsdag 11. februar til måndag 17. mai. 

Vi kjører opp skiløyper her i Sjodalen frå vi opnar i februar og til over påske. Gjendeguiden har guida turar til Besseggen jamleg heile vinteren og våren. 

I april og mai er det tid for vårskiturar. Da er det ljose, lange dagar og fint å gå på 2000-meters toppar i Jotunheimen og på Valdresflya. Det blir også kjørt opp løyper oppe på Valdresflya i mai.

 

Her finn du oss

Du finn oss rett attmed fylkesveg  51, den Nasjonaleturistvegen over Valdresflya. Ta eigen bil, buss, eller kom til fots fra en av dei andre hyttene i Jotunheimen.

Bessheim

Besseggen

Besseggen er ein av dei mest populære fjellturane i landet. Dei fleste som går Besseggen tek Gjendebåten inn til Memurubu og går attende. Men det går fint å gå andre vegen også. Tenkjer du å gå Besseggen til sommaren? Da må du bestille deg billett til Gjendebåten. Les meir. 

Bessheim ligg 5 kilometer frå brygga på Gjendesosen. Det er lurt å vera der ein halvtime før båtavgang. Sjølve kjøreturen opp til parkeringsplassen tek berre 5-6 minutt.

Frå gjesteboka

På mange fjellhytter finst det gjestebøker der gjestene kan skrive og takke for seg. Under finn du eit utdrag av desse, også frå den moderne gjesteboka TripAdvisor. Skriv gjerne du også!

Spiste fantastisk buffet med mye god mat og dessert. Vi var alle kjempefornøyde. Flott sted og hyggelig servering. I tillegg ligger Bessheim midt i fantastisk natur, med mulighet for et utall av turer både sommer og vinter. Husk også å besøk vakre Heidal.

Kva synest du om Bessheim?
Vi vil gjerne høyre meininga di. Legg gjerne igjen ei melding på TripAdvisor.

For fjellfolk av fjellfolk siden 1890

Bessætrene var tradisjonelle sætre, tilhøyrande gardar i Vågå. Frå midten av 1800-talet kom fjellvandrarane i aukande tal, eventyrlystne nordmenn og utlendingar. Det var på moten å oppdage nye og ukjende delar av landet.

Påske i Jotunheimen

Bessheim har sesong frå omlag 10. februar til 20. mai og frå 10. juni til fyrst i oktober kvart år. Frå vi opnar i februar til over påske kjører vi opp kilometervis med skispor med skuter og sporleggjar mellom Besseggen Fjellpark, Hindseter, Gjendesheim og Bessheim.

I år 1901 fekk eigaren av Bessheim, Iver Storvik, 100 kroner frå Foreningen for Ski – Idrettens Fremme (Skiforeningen i dag) for å halde oppe i påska. Etter det har familien teke i mot skiglade påskegjestar kvart år. Påska på Bessheim er skiturar, mykje god mat, reinsdyret Iver,  øl i solveggen, foredrag, bålbrenning, påskeskirenn, guida turar og fest påskekvelden🌞

Påska i 2020 startar fredag 3. april og varar fram til 2. påskedag som er den 13. april. Bestill på e-post eller i webbookingen. 

Velkomen til fjells!

Opplæring etter Arne Brimi sin filosofi

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken vart starta i 2008, for å gje unge utdanning i kokkefaget etter Arne Brimi sin matfilosofi. Dette er eit samarbeid mellom reiselivsbedrifter aust i Jotunheimen. Dei tilbyr læreplassar i kokk- og bakerfaget, og lærlingane er velkomne til å praktisere på dei ulike bedriftene. Vi er ein stolt del av samarbeidet og har kvart år fleire unge lærlingar hjå oss.

Straum

På Bessheim produserer vi vår eigen straum.

Knut Lund bygde det fyrste kraftverket i Bessa i 1948. Dette produserte 14 kw og var nok til å få elektrisk ljos. Det vi har i dag sette han opp i 1961, og det surrar og går fortsatt. Vi produserer 100 kw og treng ikkje anna vedlikehald enn litt smurning med jamne mellomrom.