Norsk, tradisjonell mat

På Bessheim serverer vi norsk, tradisjonell mat. Vi likar å serverer reinsdyrkjøt frå Vågå Tamrein AS, hjort og elg frå lokale jegerar og fjellaure frå dei mange gode fiskevatna i Jotunheimen.

Kvar kveld serverer vi ein treretters middagsmeny mellom 18.30 og 20.30. Somme kveldar har vi middagsbuffet i staden. I påska og frå 18. juni til 24. august 2023 har vi ein fast meny kvar kveld.  Resten av sesongen bestemmer vi menyen ut frå kva typer grupper vi har. På dagtid serverer vi middag frå ein a la carte meny. Kvar morgon er det frokostbuffet der gjestene kan smørje seg niste til fjellturen. Meny og opplegg for hausthelgene 2023 finn du under fanen «arrangement». 

Også sesongen 2023 tilbyr vi take away til utleigehyttene. Det går an å bestille ein koldttallerken med smakar av til dømes rein, elg, hjort, potetsalat, eggerører, flatbrød og brød til kr. 340,- per person som du hentar i resepsjonen. Vi må ha bestilling på dette dagen før. Du som har privat hytte i Sjodalen er også velkomen til å benytte deg av dette tilbodet!

Vi serverer både øl, vin og brennevin på Bessheim. Til maten kan du prøve ei flaske vin frå dei lokale vinimportørane Bertel & Martens. Vi har eit godt utval av øl frå Lom Bryggeri, blant anna Høgrutaøl. Bryggeriet Små Vesen i Valdres har til og med laga eit eiga øl til oss, Besseggøl.

Vi ordnar gjerne måltid for gjester med spesielle matbehov. Dette må vi ha beskjed om på førehand!

 

Frokost

 

Vi serverer ein tradisjonell norsk frokostbuffet med brød, pålegg, kokte egg, egg&bacon, havregraut, frokostblanding og frukt mm.

 

 

Treretters meny for sommaren 2023.

Måndag:

Salat med god skinke
Lokal fjellaure
Sjokoladedessert

Tysdag:

Dagens supe
Hjort
Brunostkake med bærmose

Onsdag:

Kveldsbuffet med lokale smakar av til dømes reinsdyr, elg, hjort og fjellaure. Det vil vera både varme
og kalde rettar, samt dessertar.

Torsdag:

Krema fiskesupe
Kalv med sopp, grønsaker og poteter
Dagens dessert, ut i frå sesong

Fredag:

Kveldsbuffet med lokale smakar av til dømes reinsdyr, elg, hjort og fjellaure. Det vil vera både varme 
og kalde rettar, samt dessertar.

Laurdag:

Kveldsbuffet med lokale smakar av til dømes reinsdyr, elg, hjort og fjellaure. Det vil vera både varme
og kalde rettar, samt dessertar.

Sundag:

Lokal fjellaure
Reinsdyrkjøt frå Vågå Tamreinlag
Heimelaga karamellpudding

 

Alle forrettar vert servert med ferskt heimebaka brød og urtesmør

Vinpakke med 3 glas vin: 295 kr per pers

Trerettersmenyen vår kostar 480 kr. Det same gjer middagsbuffeten. Alle som har halvpensjon har den inkludert i prisen. Menyen blir servert frå kl 18.30 – 20.30 kvar dag i perioden 18. juni til 24. august 2023.

 

 

 

Bestille bord?

Bestill bord og/eller overnatting på e-post: post@bessheim.no eller på telefon 61238913.

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken er eit samarbeid mellom fleire serveringsbedrifter i Vågå, Lom og Sel. Kvar bedrift har ein eller fleire kokkelærlingar. Her på Bessheim er Irene kokkelærling no. Aleksander tok fagbrev hausten 2020. Elise tok fagbrev våren 2022. Espen, Heidi og Marit tok fagbrev i 2016. Men jamne mellomrom er kokkelærlingane på utflukter, kurs, turar og på «Arnedag» med Arne Brimi på serveringsstaden hans, Vianvang. Jamnleg er både lærlingane og vi som eig bedriftene, på turar saman for å få inspirasjon og lære nye ting frå matverda. Du kan lese meir om Opplæringskontoret Brimi-Kjøken her.

Matrute Gudbrandsdalen

Matrute Gudbrandsdalen er eit samarbeid mellom lokalmatprodusentane i Gudbrandsdalsmat, Nasjonalparkriket Reiseliv og Visit Lillehammer om vidareutvikling av gode lokale mat- og drikkeopplevingar for gjestane våre! Gudbrandsdalen byr på ekte og reine smakar. Den friske lufta og det reine vatnet gjev grobotn for gode smakar av fjell og vidde. Bærekraftig produksjon er viktig og naturleg for oss, slik vi har gjort det i generasjonar. I Matrute Gudbrandsdal er vi opptekne av at maten skal ha identitet. Lokal matproduksjon tek vare på kulturarven, og bidreg til lokal verdiskapning.

Bli med på en reise, og smak deg gjennom Gudbrandsdalen – frå Lillehammer i sør til Dovre i nord!

Sjå video frå da Matrute Gudbrandsdalen var innom hjå oss. Sjå meir på https://matrutegudbrandsdal.no/

 

Vågå Tamrein AS

Her på Bessheim serverer vi ofte kjøt frå Vågå Tamrein AS. Vågå Tamrein AS er eitt av fire tamreinlag i Sør-Norge. Desse fire tamreinlaga driv den einaste reinsdrifta i Norge utanom den samiske. Det er folk som bur i Vågå kommune som eig aksjar i dette selskapet. Det er fire fast tilsette reinsgjetarar, samt to-tre sommargjetarar. Det er reinsslakting i september og i desember. Flokken produserer over 50 tonn med kjøt årleg. Vågå Tamrein AS har vore aktive her i Jotunheimen sidan 1942.

Reinsdyra går fritt omkring heile året og utnyttar beiteressursane i fjella rundt her. Det at reinen blir kalla tamrein betyr ikkje at dyra går innangjerds eller at dei blir fora. Dei et det dei finn i naturen. Dei likar best reinlav, men et også kjørr, gras og vier. Beiteområdet er blant anna Sjodalen og Valdresflya.

Du kan følgje Vågå Tamrein på facebook og instagram. Vil du lese meir om dette kan du gå inn på vagarein.no/