Finn oss

 

Bessheim ligg fint plassert på fjellovergangen mellom Valdres og Gudbrandsdalen, attmed fylkesveg 51 over Valdresflya. Det er 34 mil til Oslo gjennom Gudbrandsdalen, og 25 mil til Oslo om Fagernes og Beitostølen. Frå Trondheim er det 31 mil, og frå Bergen er det knapt 36 mil, via Lærdal og Beitostølen. Vi har brøytt veg opp hit heile året frå Sjoa og Vågå.

 

Merk deg at kvar vinter, mellom omlag 15. desember og 31. mars, er fylkesveg 51 Valdresflye stengt mellom Beitostølen og Maurvangen. Dersom du skal besøke oss i denne perioden må du køyre E6, til Sjoa. Sjoa ligg 1 mil sør for Otta. Frå Sjoa og opp hit til Bessheim er det 62 km. Vegen går opp gjennom Heidal. Etter 32 kjem du til Randsverk. Her kjem du inn på fylkesveg 51, og i krysset her tek du til venstre. Deretter køyrer du vidare innover Sjodalen til Bessheim.

 

Bessheim ligg rett attmed vegen og det er ein stor, brun hovudbygning på oversida av vegen. I perioden frå Valdresflye opnar 31. mars og fram til 17. mai, er vegen nattestengd mellom 20.00 og 08.00. Det same gjeld ofte sist i november og fyrst i desember.

 

Det er ikkje til å koma unna at det enklaste er å koma til oss med eigen bil. Det kollektive tilbodet er ikkje veldig stort.

 

Buss

 

Om sommaren går det buss til Bessheim frå Otta og Vågå. Rutetidene på desse bussane finn du på innlandstrafikk.no

 

Mange av gjestane som vil besøkje Jotunheimen tek Valdresekspressen via Fagernes og Beitostølen for å koma seg til fjells. Desse rutene går via Gjende og Lom heilt fram til Leirvassbu. Ta ein titt på Nor-way bussekspress for å finne rutetidene,  eller på jvb.no. NB: Desse rutene går berre om sommaren, frå juni til september. 

 

Tog

 

Kjem du med tog til Nord-Gudbrandsdal og Nasjonalparkriket, går du av på Otta stasjon. Her stoppar tog frå Åndalsnes, Trondheim og Oslo. Sjå nsb.no

 

Næraste flyplass

 

Næraste flyplass er Oslo Lufthavn Gardermoen. Dit er det 25 mil via Beitostølen og Fagernes. Køyrer du E6 gjennom Gudbrandsdalen er det 30 mil dit.

 

Bussgrupper

 

Er du leiar for ei større eller mindre gruppe som treng transport er Jotunheimen Turbusser eit godt alternativ. Jotunheimen Turbusser er drive av Hans Magne Ramen. Heimesida er jotunheimenturbusser.no og e-post adressa er jotunheimenturbusser@yahoo.no 

Nasjonal turistveg Valdresflye

Bessheim ligg attmed fylkesveg 51 over Valdresflya. Vegen over Valdresflya er ein av 18 nasjonale turistvegar i Norge. Å kjøre over Valdresflya er ei oppleving uansett årstid og vær. På våren og sommaren ser du ofte reinsdyr frå Vågå Tamrein AS langs med vegen. Les meir på nasjonaleturistveger.no/