Besseggen

Besseggen er ein av dei mest populære fjellturane i landet. Dei fleste som går Besseggen tek Gjendebåten inn til Memurubu, og går attende. Men det går fint å gå andre vegen også. Tenkjer du å gå Besseggen i sommar? Da må du bestille deg billett til Gjendebåten. Les meir. 

Gjendebåten og dei andre turistbedriftene her i Sjodalen har saman ei heimeside med informasjon om turen over Besseggen. Her finn du fleire gode tips. Les meir om Besseggen på http://besseggen.net/

Ei alternativ rute er å gå frå Bessheim, opp til Bessvatnet og innover langs med Bessvatnet på høgre sida. Etter 7 km kjem du til Bandet, som er det smalaste partiet mellom Gjende og Bessvatn. Her kjem du inn på stigen frå Memurubu, og du startar oppstigninga av Besseggen. Når du har gått opp heile Besseggen kjem du til høgaste punktet, Veslfjellet, 1743 m.o.h. Eit stykke etter toppen deler stigen seg, og du går ned til venstre, mot Bessvassosen. Her kryssar du brua over elva Bessa og går ned att til Bessheim.

Turen over Besseggen vart kjend fordi det er ein utruleg fin tur og fordi Henrik Ibsen skreiv om «Gjendin-eggen» i skuespelet om Peer Gynt. Besseggen med Bessheim som utgangspunkt har ei historie som er eldre enn Gjendebåten (1906) og dagens rute mellom Memurubu og Gjendesheim: Gjestene vart rodde frå Bessvassosen til Bandet og turen gjekk over Besseggen og Veslfjellet, så ned til Bessvatnet og heimatt hit. Den varda stigen frå Memurubu til Bessetrene var faktisk den første ruta som vart merka av DNT, i 1874.

Gjendebåten

 

Gjendebåten går i rute mellom Gjendesheim, Memurubu og Gjendebu. Det har han gjort sidan 1906, og båttrafikken har heile tida vore drive av familien Øvstedal.

Rutetidene finn du på heimesida www.gjende.no Her finn du mykje nyttig informasjon og her bestiller du billlettar.

Våren 2017 vart det lansert bookingsystem på Gjendebåten. Du må hugse å bestille båtbillett på førehand! Gå inn på heimesida til Gjendebåten: www.gjende.no/rutetider

Besseggen om vinteren

 

Har du sett den Gjendin-eggen noen gang – kledd i kvitt? Opplev klassikaren Besseggen om vinteren! Dei fleste går turen om sommaren, men på vinteren er det ikkje mange som tek turen. Da kan det godt hende at du og følgjet ditt er einslege der. Du går på ski frå Bessheim og opp til Bessvatnet. Dit er det 400 høgdemeter og det tek kanskje ein time å gå. Du går på Bessvassisen innover i 7 km, og da kjem du til Bandet. Her festar du skia på sekken og går opp Besseggen. Når det flatar ut att litt på toppen kan du spenne på deg skia att og gå framover Veslfjellet, 1874 moh, til du kjem til toppen. Du går forbi toppen og vidare bortover til det byrjar å halle nedover. Prøv å finne renna ned mot Bessvatnet med best føre. Frå her kan du stå heilt ned att til Bessheim, via Bessvassosen.

Turen kan opplevast som krevande pga kulda tidleg på året, men alle med normal fysisk form greier turen fint. På denne turen anbefalar vi at du bruker skiutstyr du har brukt før og kjenner godt til.

 

Førebu deg på følgjande:

– Du er ute på tur i 8-9 timar.
– Heile turen er i underkant av 20 km.
– Har du høgdeskrekk så må du kanskje snu.
– Været forandrar seg fort i høgfjellet, og vi kan oppleve alt frå +5 grader til -25 grader.
-fjellski og randonee går fint båe delar.
-Du treng ikkje stegjern, isøks eller tau!
-Lurt å starte seinast klokka 9

BOOKING

Booking og spørsmål om kost og losji per e-post til: post@bessheim.no

UTSTYRSLISTE

Den enkelte må ha med seg hensiktsmessig utstyr for å klare seg ute i vinterfjellet ein lang dag.
Som eit minimum skal følgjande være med på turane:

-Sendar/mottakar (kan leigast på Gjendesheim Turisthytte)
-Spade (kan leigast på Gjendesheim)
-Søkestang (kan leigast på Gjendesheim)
-Solbriller og solkrem (min. faktor 20)
-Egna skiklede, ullundertøy, skisokker + ekstra skift.

-Skihanskar/ekstra votter/lue/buff

– Ei skikkeleg niste, termos og drikkeflaske
-Ski (Komplett skipakke kan leigast på Gjendesheim)
-Feller
-Stavar, helst med lengdejustering.
-Dagstursekk (vi anbefalar 40-45 liter)

 

Dersom dykk har, ta også med:

-Vindsekk eller jervenduk
-1:50 000 kart over Gjendesheim + Bessheim. Kan skrive ut dette her: http://kartverket.no/Kart/Turkart/lag-turkart-for-utskrift/
-Enkelt fyrstehjelpssett

 

TRANSPORT

NB! VALDRESFLYA ER VINTERSTENGT! Dykk må køyre til Bessheim via E6, Sjoa, Randsverk og innover Sjodalen. Ca 5 t frå Oslo.