På føtene:

Kjør bil til Besseggen Fjellpark og gå opp på Heimdalshø frå der. Det går stig opp frå campingplassen. Høgaste punktet er på 1843 m.o.h.

På ski:

Dette er fjellet Bessheimgjestane har saman med den norske kongefamilien, som til vanleg feirer påske på Prinsehytta i Sikkilsdalen. Det er nok mindre av det nå, men tidlegare år har entusiastiske gjester kome heim etter å ha møtt medlemmer av kongefamilien på toppen av Heimdalshø. Heile turen er synleg frå gardsplassen på Bessheim. Heimdalshø ligg fritt til og har uvanleg lang solgang.

Følg stikka løype over øvre Sjodalsvatn mot Brurskaret. I krysset mot Gåpåpiggen rett opp og på høgre side av eit mindre juv. Gå til toppen anten mot høgre og inn mot det høgste, eller inn i skaret til venstre for toppen. 4-5 timar.

Mai er kalvingstid for reinen til Vågå Tamrein AS. Øvre delen av Sjodalen og Valdresflya er kalvingsplass. Vi oppmodar alle om å ta omsyn til at reinen skal ha ro i denne perioden. Forstyrr ikkje dyra unødig og ta ansvar for at hundar er under kontroll.