Nautgardstinden

På føtene:

Du kan gå frå Bessheim. Det er ein lang dagstur. Turen tek fort 8-9 timar. Gå stigen til Bessvatnet og følg ruta mot Glitterheim. Følg stigen til Russvatnet (1164 m.o.h.). På Russvassosen er det ei bru, og du kan krysse elva Russa. Ta av stigen ved buene ved Russvassosen. 1100 høgdemeter ventar. Det er ingen utsette parti på turen, den raskaste ruta er rett på sørøstryggen. Dei fleste kjører bil til Russtangen og går opp frå der om sommaren. Da går du opp Russdalen til Russvatnet og går beint mot toppen frå der.

På vinteren:

Same ruta som om sommaren. DNT stikkar frå Gjendesheim og Bessheim til Glitterheim før påske, så du har kvista løype til du kjem til Russvassosen.