På føtene:

Følg stigen til Bessvatnet, 1373 m.o.h. Der fortsett du langs vatnet på høgre side. I starten god synleg stig, seinare meir utydeleg. Stigen er ikkje merka, men det er lett å finne fram. Det kan vera vått langs vatnet, men det er lett terreng. I vestenden på Bessvatnet ligg Bandet og her kjem du inn på ruta over Besseggen frå Memurubu. Gå opp Besseggen og følg stigen over Veslfjellet, 1743 m.o.h. Eit stykke etter toppen kjem du til eit vegskilje der stigen deler seg. Du går ut til venstre og ned att til Bessvassosen. Kryss brua over Bessa og følg stigen ned att til Bessheim. Turen tek 7-8 timar.

På ski:

Du startar ved husa på Bessheim og går dei 400 høgdemeterane opp til Bessvatnet. Så går du på ski innover isen på Bessvatnet, heilt til du kjem fram til Bandet og festar skia på sekken. Kliv opp Besseggen og nyt den fantastiske utsikta! Ta på deg att skia og gå på ski over Veslfjellet, 1743 m.o.h. Frå her har du berre nedoverbakke og du står heilt ned att til Bessheim, via Bessvassosen. På sjølve Besseggen er det som oftast nokså bart. Men dersom det er nysnø eller isete må du vera forsiktig.