På føtene:

Dette er ein artig og lærerik tur i naturreservatet i Stuttgonglia. Dette er ein natur- og kulturstig på 5,5 km i lett turterreng. Undervegs finn du postar med informasjon om Sjodalen. Turen passar godt også for barn. Du kjører bil frå Bessheim nordover og ned til Russtangen. Her ser du skilt der det står Huldrestigen. På parkeringsplassen, som er startpunkt for turen, finn du informasjon om sjølve turen. Ingen stigningar, går i lett skogsterreng.

På ski: Ikkje vanleg. Vi kjører ikkje løyper her.