På føtene: Utgangspunktet for denne turen er den sirkelforma parkeringsplassen i Vargebakkane. For å koma hit kjører du 4-5 km sørover frå Bessheim. Turen over Knutshø er ikkje merka, men det er ikkje vanskeleg å finne fram. Knutshø er ein ‘luftig’ tur, du går liksom over ein egg, og det er bratt opp og bratt ned att. Når du har gått over heile fjellet går du ut att gjennom Leirungsdalen. Omlag 5-6 timar.

På ski:

Ikkje vanleg eller noko vi vil råde gjestane til.