Camping ved Besseggen & Sjodalen i Jotunheimen

På Bessheim har vi ein enkel campingplass med straumuttak, dusj- og toalettanlegg. Toalettanlegget vart renovert i 2016. Våren 2019 fekk vi tilrettelagt for fleire teltplassar. Campingplassen ligg fint til nede ved Øvre Sjodalsvatn. Vi tek ikkje i mot bestillinga av plass for bubil og telt på førehand, det er berre å koma. Vi har aldri vore borti at vi ikkje har hatt plass til alle som vil telte her.

Men vil du ha middag så er det fint om du bestiller, skriv da e-post til post@bessheim.no 

Camping

På Bessheim har vi ein enkel campingplass med straumuttak, dusj- og toalettanlegg. Toalettanlegget vart renovert i 2016. Våren 2019 fekk vi tilrettelagt for fleire teltplassar. Campingplassen ligg fint til nede ved Øvre Sjodalsvatn. Her kan du kaste ut fiskestanga frå opningen på teltet om du vil!

Prisar per natt:

Bubil kr. 330,-

Bil med campingvogn kr. 330,-

Telt kr. 220,- pluss kr. 40,- per person

Elektrisitet kr. 60,-

Dusj er inkludert i prisen.

Dusj for dei som ikkje har betalt for camping er kr. 45,-

Vi tek ikkje i mot bestillinga av plass for bubil og telt på førehand, det er berre å koma. Men vil du ha middag så er det fint om du bestiller. Vi har aldri vore borti at vi ikkje har hatt plass til alle som vil telte her.

Ved ankomst finn du deg ein plass du likar og henvender deg i resepsjonen inne på fjellstua.