Påskeprogrammet 2020

  • Sundag 5. april. Quiz

Vi arrangerer quiz i peisstugu kl 20.30. Meld på lag i resepsjonen før klokka 20.00.

  • Tysdag 7. april. Bingo

Bingoverten rullar i gang kulene klokka 20.00 i peisstugu. Meld deg på i resepsjonen før klokka 18.00. Passar for barn.

  • Tysdag 7. april. Middagsbuffet og besøk av vinimportøren Bertil & Martens

Middagsbuffet med lokale smakar og tranchering av lam. Dessertbord. Den lokale vinimportøren Bertel & Martens frå Otta presenterer eit utval av vinane sine under måltidet. Gjestene kan gå til bords kva tid dei vil mellom 18.30 og 20.30. Middagen kostar kr. 420,- Halv pris for barn mellom 3 og 12 år. Vin kjem utanom. Hugs å bestille bord på førehand.

  • Onsdag 8. april. Foredrag 

foredrag 

  • Torsdag 9. april. Familietur med besøk av rein

Reinsgjetarane Jørn Slettom og Ola Vaagaasarøygard har bålplass ikkje langt frå Bessheim saman med reinane Iver og Nils. Vi går på ski eller truger dit. Det blir bål med varm saft og pølsegrilling. Dei vil fortelja litt om reinen, drifta i Vågå Tamrein AS og det å arbeide som reinsgjetar. Du kan prøve å kaste lasso. Passar for både barn og vaksne. Oppmøte i resepsjonen klokka 11.00. Kr. 40,- per person for deg som ikkje er overnattingsgjest i Bessheim.

  • Torsdag 9. april. Foredrag 

Da 

  • Langfredag 10. april. Breturen – for deg som vil vera med på ein krevjande skitur!

Langfredag vil Jon Sjurgard vera turleiar på den klassiske «Breturen». Turen er omlag 50 km og om lag 1550 høgdemeter. Start og slutt på Bessheim. Turen går frå Bessheim, opp til Bessvatnet og vidare etter den kvista ruta til Glitterheim, heilt til ein kjem til Blåtjønnodden midt på Russvatnet. Vidare frå der går ein opp til Blåtjønnholet og inn til Styggehøbrean, der ein kjem inn på kvista rute mellom Glitterheim og Memurubu. Ein fylgjer denne kvista ruta til Memurubu. Når ein er i Styggehøbreskardet er det berre 15- 20 minutt oppå Søre Veotinden, så det er naturleg å ta med den. Heimatt frå Memurubu fylgjer ein isen etter Gjende fram til Gjendesheim. Siste etappe går i skiløypa til Bessheim. Denne turen er ikkje for alle, men ein fin skitur for dei som er i form til å gå ein skitur på omlag 12 timar. Dei som melder seg på må ha skikkeleg utstyr og ha erfaring frå lange skiturar i fjellet. Utstyrsliste: gode og varme turklede, ullundertøy, vindtette ytterklede, dunjakke med hette, varme vottar med vindtrekk over, vindtett og varm lue, solbriller, drikke, stor nok niste, fjellski, skismurning, feller og sitjeunderlag. Jon er ein ivrig fjellkar som er veldig godt kjent i Jotunheimen. Han deler gjerne av kunnskapen sin om fjellet. Føresetnaden for at det blir tur er å ha fint vær, bra føre og trygg is på Gjende. Dette var ein gjev tur blant påskegjestane på Bessheim i gamledagar. Etter turen blir det servert kongepjolter. Dette var tradisjon etter lange turar før. Prisen er kr. 800,- per person. Påmelding innan onsdag 28. mars på telefon 612 38 913 eller på e-post: post@bessheim.no

  • Langfredag 10. april. Stor påskebuffet

Stor påskebuffet med varme og kalde rettar og dessertbord. 

  • Langfredag 10. april. Quiz

Vi arrangerer quiz i peisstugu kl. 20.30. Meld på lag i resepsjonen før kl. 20.00

  • Laurdag 11. april. Sledetur med reinane Iver og Nils

Reinsgjetarane i Vågå Tamrein, Jørn Slettom og Ola Vaagaasarøygard, stiller med reinane Iver og Nils og slede. Du såg dei kanskje i NRK-serien «Gjeterar i Jotunheimen»? Bli med og kjør ei lita runde på isen på Øvre Sjodalsvatnet! Passar for barn. Møt opp kva tid du vil frå klokka 11.00 til klokka 14.00. Kroner 100,- per person. 

  • Laurdag 11. april. Påskeskirenn og hoppkonkurranse kl. 1300.

Tradisjonen tru vert det også i år arrangert påskeskirenn og hoppkonkurranse. Ungar og vaksne kan få enkel ansiktsmåling frå kl. 12.00. Kle deg gjerne ut! Påmelding i resepsjonen innan klokka 11.00. Grilling av pølser og varm saft.

  • Laurdag 11. april. Påskekveldsfeiring!

Vi serverer treretters middag klokka 1900. Den lokale gruppa Bygdafolk spelar til dans og lagar god stemning utover kvelden! Middag og fest for dei som ikkje har halvpensjon kostar 480 kroner per person. Halv pris for barn mellom 3 og 12 år. Bestilling i resepsjonen, på telefon 61 23 89 13 eller på e-post (post@bessheim.no) innan klokka 22.00 kvelden før. Dersom du treng skyss så er det berre å ringje til Tor Andvord på telefon 95451743 for å bestille transport. Eller du kan bestille på post@1743.no Tor driv parkeringa og kiosken på Gjendeosen. Dei hentar og bringar frå Heimsand, Maurvangen og Gjendesheim.

Dersom du treng skyss så er det berre å ringje til Tor Andvord på telefon 95451743 for å bestille transport. Eller du kan bestille på post@1743.no Tor driv parkeringa og kiosken på Gjendeosen. Dei hentar og bringar frå Heimsand, Maurvangen og Gjendesheim.

 Isfisking

Mange brukar påskedagane her i Sjodalen på isfisking. Du har mange gode fiskevatn og velja i mellom. Øvre og nedre Sjodalsvatn, Gjendeosen og nedre Leirungen er dei mest populære. Det er fin fjellaure i desse vatna. Du må ta med utstyr sjølv.  Barn under 16 år fiskar gratis og dei vaksne kan kjøpe fiskekort anten i resepsjonen eller på Vågå Fjellstyre sine fine heimesider: www.vaga-fjellstyre.no

 Guida skiturar med Gjendeguiden

Dersom du vil vera med på ein guida skitur i påska må du prøve Gjendeguiden! Bak Gjendeguiden står ein lokal, triveleg gjeng som har lyst til å vise deg godbitane i Jotunheimen. Dei har alle brei og lang erfaring innan ulike formar for friluftsliv, og dei kjenner mange av fjella kring Bessheim like godt som si eiga lomme. På tur med Gjendeguiden går du ikkje etter klokka, men etter sola og været. Dei puttar sjokoladen, termosen og tryggingsutstyret i sekken og ruslar av garde medan praten går. For meir informasjon om turane som Gjendeguiden har sett opp i påska så kan du ta ein titt på facebooksida eller på heimesida deira: www.gjendeguiden.no

 Hundekjøring med utgangspunkt frå Sjodalen Hyttetun

På Sjodalen Hyttetun, 18 km nord for Bessheim, er det hundekjøring i palmehelga, skjærtorsdag, langfredag og 1. og 2. påskedag. Sjå www.sjodalenhyttetun.no for meir informasjon.

Med atterhald om endringar. Vel møtt til ei innhaldsrik og triveleg påske på Bessheim!         

Meny påska 2020

Fredag 3. april

Kjekjøt frå ein lokal produsent

Smakar av lam som har beita i Griningsdalen

Crepes suzette med brunostis

Laurdag 4. april

Heimelaga blomkålsupe

Filet av haustens vilt, med grønsaker, mild pepparsaus og hasselbackpoteter

Crème Brûlée

Søndag 5. april

«Ein smak av Jotunheimen». Ein tallerken med forskjellige lokale godbitar.

Dagens fisk. Lokal fjellaure, dersom vi får tak i det

Sjokoladedessert

Måndag 6. april

Dagens supe

Kokt reinskjøt servert på tradisjonelt vis med lauksaus saus, rotgrønsaker og potetstappe

Ostekake

Tysdag 7. april

Middagsbuffet med lokale smakar og tranchering av lam frå garden Snerle i Vågå.

Dessertbord.

Den lokale vinimportøren Bertel & Martens presenterer vinane sine.

Onsdag 8. april – Meny frå Christine Storm Munch si kokebok

Variantar av sylta fisk og grønsaker

Fersk torsk eller norsk fårefilet, valfritt

Sitronterte

Skjærtorsdag 9. april

Krema fiskesupe

Heilsteikt hjortelår med grønsaker, bakte poteter og saus. Tranchering i spisesalen

Omelette norvegienne, ein klassisk isdessert

Langfredag 10. april

Stor påskebuffet med varme og kalde rettar og dessertbord. 

Dersom du treng skyss så er det berre å ringje til Tor Andvord på telefon 95451743 for å bestille transport. Eller du kan bestille på post@1743.no Tor driv parkeringa og kiosken på Gjendeosen. Dei hentar og bringar frå Heimsand, Maurvangen og Gjendesheim.

Påskekvelden 11. april (DENNE KVELDEN ER MIDDAGEN KL 1900 FOR ALLE).

Smakar av fjellaure

Reinsdyr frå Vågå med friske grønsaker, viltsaus og potetstappe

Blautkake og moltekrem med skryller

Søndag 12. april

Grava reinsdyr med tyttebærrømme

Kalvekjøt med grønsaker, poteter og saus

Dagens dessert

Prisen på treretters middagsmenyen vår er 420 kr per person. Langfredag og påskekvelden er prisen 480 kr per person. Har du pensjon, er middagen inkludert i prisen.

Det kan bli endringar i menyen.

Middagen blir servert klokka 1830 – 20.30 kvar kveld, og kan bestillast per e-post på post@bessheim.no eller telefon 61 23 89 13.