På føtene:

Bukkehammaren-Kvassryggen-Høgdebrotet-Steinflytinden/Tjønnholstinden er ein rundtur som krev god kondisjon, godt sommarvær og ein lang dag. Start turen frå parkeringsplassen i Vargebakken. Følg stigen mot øvre Leirungen som passerer ved gjætarhytta og kryss Leirungsåa på brua. Følg ryggen opp til Bukkehammartjernet og vidare til høgre for tjernet til toppen, der er fantastisk utsikt mot Sjodalen og innover Gjende. Følg ryggen vidare over Kvassryggen og opp på Høgdebrotet. Det er viktig å vera varsom på litt utsette plassar, men turen går greitt på tørt fjell. Turen vidare mot Steinflytinden/Tjønnholstinden er grei for fjellvante under tørre forhold, men vær obs på at det kan vera is/snø utover sommaren. Tilbaketuren går ned Steinflya og mot brua over Leirungsåa og bilen.

På ski:

Høgdebrotet er ein lett tilgjengeleg 2000-topp. Enklaste utgangspunktet er frå Valdresflyvegen ved kommunegrensa mellom Vågå og Øystre Slidre. Over dalen der Leirungsåa renn i botnen og opp Steinflya, ein dryg motbakke før terrenget flatar ut litt og fører fram til toppryggen. Ein god kneik fører opp til toppen og eit flott utsyn. Heimturen går av seg sjøl, men på varme vårturar kan føret bryte i dalen og elva kan vera ei utfordring.

Steinflytinden er nærmaste nabo til Høgdebrotet, ofte er snøforholda slike at du kan gå vidare frå denne og opp. Med same utgangspunkt frå bilvegen går turen til Steinflytinden også opp Steinflya som flatar ut før ein bratt rygg fører opp til toppen.

Leirungsdalen har mange spanande turar å by på, og er best tilgjengeleg på seinvinter og vår. Her er det til dels lang adkomst til turmåla. Ein del av toppane her er alpine og krev høg mestring, andre er lette å gå på for ivrige skigåarar. Det er alltid viktig å vurdere rasfaren. Om våren har snøen gjerne sett seg, så risikoen er mindre. Men tenk alltid på rasfaren og pass deg for hengande skavlar.