Overnatting og servering

Vi tilbyr overnatting i rom, leilegheiter og hytter. I tillegg har vi ein enkel campingplass. På Bessheim er det til saman 180 senger. Romma har fjellstovestandard med oppreidde senger, og dusj og toalett. Både standard og storleik varierer mykje på hyttene og leilegheitene. Her finn du informasjon om dei forskjellige. Bestille gjer du på i webbookingen til høgre i menyen. For grupper, bryllup, lag av forskjellige slag, skriv e-post til post@bessheim.no

Rom

På Bessheim har vi 64 senger fordelt på 27 rom inne på fjellstua. Det er oppreidde senger og handkle på alle romma. Det er dusj og toalett på alle saman, utanom på fem av dei. Dei romma som ikkje har bad har handvask på rommet, toalett i korridoren og dusj i kjellaren.

Rom med frukost kostar kr. 595 (*800) per person per natt i dobbelt-, tresengs- eller firesengsrom. *I helgene sist i august og i september er prisen på rom med frokost kr. 800,- per person per natt.

Halvpensjon (rom, treretters middag, frokost og niste) kostar kr. 945,- per person per natt i dobbelt-, tresengs- eller firesengsrom.

Prisen er pr. person pr. døgn i dobbeltrom med dusj og toalett. Det er tillegg for enkeltrom. Tillegget varierer ut i frå sesong. Barn 3-12 år halv pris. Barn 0-3 år gratis.   

I rom utan bad er prisane kr. 50,- mindre per person per døgn.

Hytter og leilegheiter

På Bessheim har vi 27 hytter og leilegheiter. Det er plass til 2-10 personar i kvar hytte/leilegheit. Dei fleste hyttene og leilegheitene har dusj og toalett og fullt utstyrt kjøken. Ved leige av hytte eller leilegheit kjem måltida, utvask og sengeklede i tillegg. Det er dyner og puter på alle hyttene (utanom nummer 3, 4 og 5), men det er ikkje oppreidd og det er ikkje handkle i prisen.

Prisen er pr. hytte pr. døgn, ikkje per person. I tillegg kjem eventuell reingjering av hyttene, dersom du ikkje vil vaske ut sjølv. På hytte 3,4,5 og 17 kostar reingjering kr. 200,- På hyttene 7,8 og 12 kostar det 300 kr, og på alle andre hytter er prisen kr 500. Reingjering attpå påska kostar kr. 700,- pr hytte.

Leie av sengeklede: Kr. 100,- pr. sett.

Frokost: Kr. 150,- Nistepakke: Kr. 70,- Termos 30kr/40kr Middag med tre rettar: Kr. 380,- Alle desse prisane er per person.

På dei fleste hyttene er det kjøken, og somme vel å kokke sjølve under opphaldet her. Nærmaste matvarebutikk om vinteren, når Valdresflyvegen er stengt, er i Heidal. Dit er det 45 km. Når vegen er open finn du nærmaste matvarebutikk på Beitostølen og dit er det 35 km. Om sommaren er det open matvarebutikk på Besseggen Fjellpark, 3 km sør for Bessheim og i Krambua, 6 km nord for oss. Til Vågå sentrum er det 55 km. Rundt den vakre Vågåkyrkja finn du artige butikkar og kafear i eit triveleg bygdasentrum.

SLIK ER HYTTENE OG LEILEGHEITENE:

Hytte 3 + 5: Små campinghytter frå 60-talet. 4 senger, kjøkenbord, kjøleskap og kokeplate. Ca 12 kvadrat. Ikkje kjøkenutstyr og innlagt vatn. Dusj og toalett i sanitæranlegget like ved. Gamle, slitte hytter med låg standard. Prisen er kr. 480,- per natt. Desse leiger vi ikkje ut i vintersesongen.

Hytte 4: Lita campinghytte frå 60-talet. 2 senger, kjøleskap, kjøkenbord og kokeplate. Ca 12 kvadrat. Ikkje noko kjøkenutstyr eller innlagt vatn. Dusj og toalett i sanitæranlegget like ved. Gamal, slitt hytte med låg standard. Prisen er kr. 480,- per natt. Denne leiger vi ikkje ut i vintersesongen.

Onkel Toms Hytte, nummer 12: Lite tømmerhus frå 1800-talet med 4 senger (to køyesenger). Enkelt utstyrt kjøken m/ oppvaskbenk og kjøleskap. Innlagt vatn. Alt i same rommet. Dusj og toalett i sanitæranlegget like ved. Gamal, slitt hytte med låg standard. Prisen er kr. 650,- per natt. Denne leiger vi ikkje ut i vintersesongen.

Hytte 17: Lita plankehytte med tre senger, enkelt utstyrt kjøken med oppvaskbenk og kjøleskap. Innlagt vatn. Alt i same rommet. Dusj og toalett i sanitæranlegget like ved. Gamal, slitt hytte med låg standard. Prisen er kr. 480,- per natt. Denne leiger vi ikkje ut i vintersesongen.

Hytte 6: Nokså stor hytte frå OL på Lillehammer med 3 soverom med 2 senger på kvart rom. Lite bad med dusj/wc. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Stove og liten veranda. Prisen er kr. 1250,- per natt. I påska, 28. mars til 2. april er prisen kr. 1450,- per natt.

Hytte 7 og 8: To leilegheiter i eit hus frå OL på Lillehammer. Eitt soverom med 2 senger, lite bad med dusj og wc og kjøken med kjøkenutstyr, kaffetraktar, kokeplater og kjøleskap. Prisen er kr. 850,- per natt. I påska, 28. mars til 2. april, er prisen den same.

Sandnesstugu, nummer 9: Gamal seterstugu frå 1800-talet med til saman 7 senger. Eitt soverom med tre senger (dobbeltseng med køye på toppen) og eitt soverom med fire senger (2 køyesenger). Stove med peis. Kjøkenkrok i stova. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Bad med dusj og toalett. Veranda. Prisen er kr. 1470,- per natt. I påska, 28. mars til 2. april, er prisen kr. 1640,- per natt.

Kavalerstugu, nummer 13: Gamalt hus frå 1800-talet med til saman 10 senger. To soverom med tre senger (familiekøyer), og eitt med fire senger (to køyesenger). Stove med peis. Kjøkenkrok i stova. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Bad med dusj og toalett. Prisen er kr. 1720,- per natt. I påska, 28. mars til 2. april, er prisen kr. 1880,- per natt.

Hytte 19, 20, 21: Desse tre leilegheiten ligg i Bekkestugu. Til saman 7 senger i kvar. 2+4 senger i 2 soverom i 2. etasje, samt 1 seng på stova. Dusj og wc, stove og kjøkenkrok i 1. etasje. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Må gå gjennom eine soverommet for å koma inn i det andre. TV. Prisen er kr. 1390,- per natt. I påska, 28. mars til 2. april, er prisen kr. 1570,- per natt.

Bensinbua, nr. 22. Leilegheit i 2. etasje på eit hus frå 2009. Til saman 4 senger. Eitt soverom med dobbeltseng. Stove med kjøkenkrok og vedomn. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Køyeseng i stova. TV. Bad med dusj og toalett. Veranda. Ikkje lov med hund. Prisen er kr. 1250,- per natt. I påska, 28. mars til 2. april, er prisen kr. 1450,- per natt.

Bensinbua, nr. 23. Leilegheit i 2 etasje i eit hus frå 2009. Til saman 6 senger. To soverom med ei dobbeltseng i kvart soverom. Ei køyeseng i stova. Stor stove med kjøkenkrok. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Bad med dusj og toalett. Fjernsyn. Veranda. Prisen er kr. 1390,- per natt. I påska, 28. mars til 2. april, er prisen kr. 1570,- per natt.

Hytte 27-32: Renoverte vertikaldelte hytter frå 70-talet. Det er to og to leilegheiter i kvart hus. Til saman 4 senger. 2+2 senger i 2 soverom i 2. etasje. Sovesofa, dusj og wc, stove og kjøkenkrok i 1. etasje. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Prisen er kr. 1250,- per natt. I påska, 28. mars til 2. april, er prisen kr. 1450,- per natt.

Leilegheit nummer 33,34,36: Til saman 3 senger i eitt soverom. Dette er ei familiekøye. Dusj og wc i eit nokså stort bad. Stove og kjøkenkrok. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Det er tre leilegheiter per hus her. Prisen er kr. 980,- per natt. I påska, 28. mars til 2. april, er prisen kr. 1200,- per natt.

Leilegheit nummer 35, 37, 38: Eitt soverom med dobbeltseng, stove, kjøkenkrok og bad med dusj og wc. Kjøkenet har kjøkenutstyr, kjøleskap, steikeomn, kokeplater, oppvaskmaskin og kaffetraktar. Det er tre leilegheiter per hus her. Prisen er kr. 980,- per natt. I påska, 28. mars til 2. april, er prisen kr. 1200,- per natt.

Camping

Mange gjestar vel å bu i telt eller i campingbil når dei skal ta turen over Besseggen. Eller andre turar i Jotunheimen. På Bessheim har vi ein enkel campingplass med straumuttak, dusj- og toalettanlegg. Toalettanlegget vart renovert i 2016. Campingen ligg fint til nede ved Øvre Sjodalsvatn. Her kan du kaste ut stanga frå opningen på teltet.

Prisar per natt:

Bubil kr. 240

Bil med campingvogn kr. 240

Telt kr. 130 pluss kr. 20 per person

Elektrisitet kr. 40 

Dusj er inkludert i prisen.

Dusj for dei som ikkje har betalt for camping er kr. 30