Det tek 10-15 minutt å kjøre frå Bessheim opp på toppen av Valdresflya. Valdresflya er eitt ope, nokså flatt og måneliknande landskap. Vegen over her er ikkje utan grunn Nasjonal Turisteveg, og det er mange fine turar her både i skisesongen og om sommaren.
På ski:
Når fylkesveg 51 over Valdresflya opnar rundt 1. april kvart år, startar sesongen for vårskiturar. Høgaste punktet på vegen ligg 1400 m.o.h. Omlag 15 toppar over 2000 meter er lett tilgjengelege frå toppen av Valdresflya. Vi kan nemne Raslet, Rasletind, austre, vestre, nørdre og mitre Kalvehøgde, Munken (2159 m.o.h.) Mugna med fleire. Meir krevjande turar innover Leirungsdalen byr på flotte turmål som Tjønnholstinden (2329 m.o.h.), Kvassryggen (2071 m.o.h), Steinflytind, Eggen og Høgdebrotet (2226 m.o.h). Rasletind er den lettast tilgjengelege av 2000-meterstoppene i området vår, og toppen er 2105 m.o.h. Ofte held skiføret fram til sist i mai. Er været fint er dette ei fantastisk oppleving! På høgaste punktet på Valdresflya byggjer Statens vegvesen nå kafe, toalett og parkeringsplass til glede for alle fjellfolk.
Mai er kalvingstid for reinen til Vågå Tamrein AS. Øvre delen av Sjodalen og Valdresflya er kalvingsplass. Vi oppmodar alle om å ta omsyn til at reinen skal ha ro i denne perioden. Forstyrr ikkje dyra unødig og ta ansvar for at hundar er under kontroll.
På føtene:
Det er eit utal fine turar i dette området. Både kortare turar i det nokså flate terrenget på sjølve Valdresflya og til dei mange 2000-meterstoppane.