På føtene:

Det går T-merka rute frå Besseggen Fjellpark på Maurvangen og heilt opp på Sikkilsdalshø 1778 m.o.h. Stigen startar på campinplassen og går på skrå gjennom Hoskelia opp mot Sikkilsdalsskaret. Her kjem du til eit kryss der eine stigen går mot øvre Sikkilsdalsvatn og den andre går opp mot Sikkilsdalshø. Det er fin utsikt frå toppen. Det er bratt ned gjennom skogen på vestsida av Skålbekken til Sikkilsdalsseter.

Vi leiger ut båtar og kanoar dersom du vil over Øver Sjodalsvatnet og starte turen frå Hoskelia. Da blir turen meire i same trase som om vinteren.

På ski:

Utgangspunktet om vinteren er Bessheim, du kryssar Øvre Sjodalsvatn og går opp i gjennom Hoskalia til Sikkildalskardet.  Frå Sikkildalsskardet er det litt bratt og kronglet opp i gjennom nokre skar og haugar, men etter kvart jamnar landskapet seg ut og du ser greitt kvar du skal gå opp mot toppen. Som oftast er det ikkje meire snø enn at du ser dei T-merka vardane som viser sommarruta.

Sikkilsdalsporten er turen for alle historieinteresserte skituristar. Du går på isen over øvre Sjodalsvatn og rett opp i skaret som munnar ut i Sikkilsdalen. Frå her var det pionerane såg Sjodalen i turismens barndom da jernbana hadde nådd Vinstra og ferda gjekk opp til Skåbu for å oppleve Sjodalen og Gjende.