På føtene:

Frå Bessheim kan du gå opp til Bessvatnet, 1373 m.o.h. Det er 400 høgdemeter opp dit, og ein vaksen person brukar ca ein time. Turen er nokså bratt, og han er merka med raude T-ar. Turen går opp den gamle seterkvea her på Bessheim, beint oppover. Etter eit stykke går stigen meir til venstre, og du kjem etter kvart opp og bortover mot elva Bessa. Resten av turen går stigen langs med Bessa opp til Bessvassosen. På denne turen får du fin utsikt over Sjodalen nedanfor deg og du ser godt innover Sikkilsdalen. Når du kjem opp til Bessvatnet er det fin utsikt til det mest majestetiske fjellet i Jotunheimen, Besshø 2258 m.o.h. Litt over halvvegs går du forbi nokre kulpar i elva som er fine å bade i.

 

På ski: Du følgjer den stikka løypa til Glitterheim. Den går om Bessvatnet.