Pilking
Her i Sjodalen er det lang vinter, og snøen og isen på vatna ligg lenge utover våren. April er nesten finaste månaden for pilking, da er det mildt, lange dagar og ofte strålande sol. Er det fint vær er det både spanande og triveleg å pilke! I vatna rundt oss er det aure. Det er fin fisk, og kan du få tak i fisk på opp mot kiloen. Dette er ein aktivitet som passar for folk i alle aldrar, og du treng ikkje vera i god form for å klare å pilke!
Ting det er lurt å ta med på pilketur:
Borr til å få hol på isen med
Pilkestang + senn + krokar
Ause
Kniv
Pose til å ha fisken i
Maggot
Sitteunderlag
Godt med klede
Mat og drikke