Norsk, tradisjonell mat

På Bessheim serverer vi norsk, tradisjonell mat. Vi likar å serverer reinsdyrkjøt frå Vågå Tamrein AS, hjort og elg frå lokale jegerar og fjellaure frå dei mange gode fiskevatna i Jotunheimen. Vi brukar også sau, geit og storfe frå gardbrukarar i Ottadalen. Vi brukar mykje smør, rumme, fløyte og egg i matlaginga vår.

Kvar kveld serverer vi ein treretters middagsmeny mellom 18.30 og 20.30. Somme kveldar har vi middagsbuffet i staden. I påska og frå 16. juni til 22. august 2024 har vi ein fast meny kvar kveld. Hausthelgene har vi fredag kveld ein liten buffet og laurdagskveldane ein større buffet.  Resten av sesongen bestemmer vi menyen ut frå kva typer grupper vi har. På dagtid serverer vi middag frå ein a la carte meny. Dei kveldane vi har middagsbuffet i staden for treretters middag har vi a la carte servering frå klokka 13.30 – 17.00.

Laurdag 15. juni,  laurdag 21. september og  laurdag 5. oktober har vi bryllup. Da har vi matservering til andre gjestar berre som take away-middag til utleigehyttene.

Kvar morgon er det frokostbuffet der gjestene kan smørje seg niste til fjellturen.

Også sesongen 2024 tilbyr vi take away til utleigehyttene. Det går an å bestille ein koldttallerken med smakar av til dømes rein, elg, hjort, potetsalat, eggerører, flatbrød og brød til kr. 340,- per person som du hentar i resepsjonen. Vi må ha bestilling på dette dagen før. Du som har privat hytte i Sjodalen er også velkomen til å benytte deg av dette tilbodet!

Vi serverer både øl, vin og brennevin på Bessheim. Til maten kan du prøve ei flaske vin frå dei lokale vinimportørane Bertel & Martens. Vi har eit godt utval av øl frå Lom Bryggeri, blant anna Høgrutaøl. Bryggeriet Små Vesen i Valdres har til og med laga eit eiga øl til oss, Besseggenøl.

Vi ordnar måltid for gjester med spesielle matbehov. Dette må vi ha beskjed om på førehand!

Frokost

Vi serverer ein tradisjonell norsk frokostbuffet med brød, pålegg, kokte egg, egg&bacon, havregraut, frokostblanding og frukt mm. Kva tid frokosten er kjem an på kva tid Gjendebåten går.

Treretters meny for sommaren 2024.

Måndag:

Salat med god skinke
Fjellaure frå eit av dei fine fjellvatna rundt oss i Jotunheimen
Sjokoladedessert

Tysdag:

Dagens supe
Elg
Brunostkake med bærmose

Onsdag:

Kveldsbuffet med lokale smakar av til dømes reinsdyr, elg, hjort og fjellaure. Det vil vera både varme
og kalde rettar, samt dessertar.

Torsdag:

Krema fiskesupe
Kalv med sopp, grønsaker og poteter
Dagens dessert, ut i frå sesong

Fredag:

Kveldsbuffet med lokale smakar av til dømes reinsdyr, elg, hjort og fjellaure. Det vil vera både varme 
og kalde rettar, samt dessertar.

Laurdag:

Kveldsbuffet med lokale smakar av til dømes reinsdyr, elg, hjort og fjellaure. Det vil vera både varme
og kalde rettar, samt dessertar.

Sundag:

Fjellaure frå eitt av dei fine fjellvatna rundt oss i Jotunheimen
Reinsdyrkjøt frå Vågå Tamreinlag
Heimelaga karamellpudding

 

Alle forrettar vert servert med ferskt heimebaka brød og urtesmør

Vinpakke med 3 glas vin: 335 kr per pers

Trerettersmenyen vår kostar 490 kr. Det same gjer middagsbuffeten. Alle som har halvpensjon har den inkludert i prisen. Menyen blir servert frå kl 18.30 – 20.30 kvar dag i perioden 16. juni til 22. august 2024.

 

Bestille bord?

Bestill bord og/eller overnatting på e-post: post@bessheim.no eller på telefon 61238913.

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken er eit samarbeid mellom fleire serveringsbedrifter i Vågå, Lom og Sel. Kvar bedrift har ein eller fleire kokkelærlingar. Her på Bessheim er Irene og Santino kokkelærlingar no.  Aleksander og Magnhild tok fagbrev hausten 2020. Marcus tok fagbrev våren 2019 og Anniken kom som faglært kokk frå Valdres. Elise tok fagbrev våren 2022. Espen, Heidi og Marit tok fagbrev i 2016. Men jamne mellomrom er kokkelærlingane på utflukter, kurs, turar og på «Arnedag» med Arne Brimi på serveringsstaden hans, Vianvang. Jamnleg er både lærlingane og vi som eig bedriftene, på turar saman for å få inspirasjon og lære nye ting frå matverda. Du kan lese meir om Opplæringskontoret Brimi-Kjøken her.

Matrute Gudbrandsdalen

Matrute Gudbrandsdalen er eit samarbeid mellom lokalmatprodusentane i Gudbrandsdalsmat, Nasjonalparkriket Reiseliv og Visit Lillehammer om vidareutvikling av gode lokale mat- og drikkeopplevingar for gjestane våre! Gudbrandsdalen byr på ekte og reine smakar. Den friske lufta og det reine vatnet gjev grobotn for gode smakar av fjell og vidde. Bærekraftig produksjon er viktig og naturleg for oss, slik vi har gjort det i generasjonar. I Matrute Gudbrandsdal er vi opptekne av at maten skal ha identitet. Lokal matproduksjon tek vare på kulturarven, og bidreg til lokal verdiskapning.

Bli med på en reise, og smak deg gjennom Gudbrandsdalen – frå Lillehammer i sør til Dovre i nord!

Sjå video frå da Matrute Gudbrandsdalen var innom hjå oss. Sjå meir på https://matrutegudbrandsdal.no/

 

Vågå Tamrein AS

Her på Bessheim serverer vi ofte kjøt frå Vågå Tamrein AS. Vågå Tamrein AS er eitt av fire tamreinlag i Sør-Norge. Desse fire tamreinlaga driv den einaste reinsdrifta i Norge utanom den samiske. Det er folk som bur i Vågå kommune som eig aksjar i dette selskapet. Det er fire fast tilsette reinsgjetarar, samt to-tre sommargjetarar. Det er reinsslakting i september og i desember. Flokken produserer over 50 tonn med kjøt årleg. Vågå Tamrein AS har vore aktive her i Jotunheimen sidan 1942.

Reinsdyra går fritt omkring heile året og utnyttar beiteressursane i fjella rundt her. Det at reinen blir kalla tamrein betyr ikkje at dyra går innangjerds eller at dei blir fora. Dei et det dei finn i naturen. Dei likar best reinlav, men et også kjørr, gras og vier. Beiteområdet er blant anna Sjodalen og Valdresflya.

Du kan følgje Vågå Tamrein på facebook og instagram. Vil du lese meir om dette kan du gå inn på vagarein.no/