Påske i Jotunheimen

 

Frå vi opnar i februar til over påske kjører vi opp kilometervis med skispor med skuter og sporleggjar mellom Besseggen Fjellpark, Hindseter, Gjendesheim og Bessheim. Løypenettet heng saman heilt ned til Lemonsjøen. Besshø, Heimdalshø, Sikkilsdalshø, Nautgardstind og Besseggen er populære turmål på fjellski og rando. Som regel opnar fylkesveg 51 til påske, så da går det an å gå på ski på Valdresflya og til Rasletind og toppane innanfor der også. 

I år 1901 fekk eigaren av Bessheim, oldefar Iver Storvik, 100 kroner frå Foreningen for Ski – Idrettens Fremme (Skiforeningen i dag) for å halde oppe i påska. Etter det har familien vår teke i mot skiglade påskegjestar kvart år. Påska på Bessheim er skiturar, mykje god mat, reinsdyret Iver,  øl i solveggen, foredrag, bålbrenning, påskeskirenn, guida turar og god stemning påskekvelden🌞

Vidare følgjer det rikhaldige påskeprogramet og ein spanande påskemeny.

Velkomen til fjells!

Påskeprogram 2026

 

  • Fredag 27. mars

Fredag før palmesøndag. Handarbeidshelga vår startar denne kvelden og vi tek i mot både påsketuristar og strikkeglade denne helga. Programmet for handarbeidshelga finn du under fanen «ARRANGEMENT» her på heimesida.

 

  • Laurdag 28. mars. 

Laurdag før palmesøndag og laurdagen i årets strikke- og handarbeidshelg. Middagsbuffet frå klokka 18.30.

 

  • Måndag 30. mars. Quiz  

Vi arrangerer quiz i peisstugu kl. 21.00. Meld på lag til quizmesteren frå klokka 20.45

 

  • Tysdag 31. mars. Middagsbuffet og besøk av vinimportøren Bertil & Martens

Middagsbuffet med lokale smakar og tranchering av lam. Dessertbord. Den lokale vinimportøren Bertel & Martens frå Otta presenterer eit utval av vinane sine under måltidet. Gjestene kan gå til bords kva tid dei vil mellom 18.00 og 20.30. Middagen kostar kr. 570,- Halv pris for barn mellom 3 og 12 år. Vin kjem utanom. Hugs å bestille bord på førehand.

 

  • Skjærtorsdag 2. april. Ut på båltur

Vi lagar bålplass ikkje langt frå Bessheim. Vi går på ski eller truger dit. Det blir bål med varm saft og pølsegrilling. Passar for både barn og vaksne. Oppmøte i resepsjonen klokka 11.00.

 

  • Skjærtorsdag 2. april. Skitur til Sikkilsdalshø med turleiar

Skjærtorsdag har vi turleiar til Sikkilsdalshø. Avgang frå Bessheim klokka 09.00. Fjellski. Dei som melder seg på må ha skikkeleg utstyr og ha erfaring frå litt lengre skiturar i fjellet. Utstyrsliste: gode og varme turklede, ullundertøy, vindtette ytterklede, varme vottar med vindtrekk over, vindtett og varm lue, solbriller, drikke, stor nok niste, fjellski, skismurning, feller og sitjeunderlag. Prisen er kr. 700,- per person. Påmelding på telefon 612 38 913 eller på e-post: post@bessheim.no

 

  • Skjærtorsdag 2. april. Foredrag om setring i Sjodalen med vagværen Kari Hølmo Holen
Kjelder viser at setring har funne stad i Sjodalen heilt frå 1300-talet. Med bakgrunn i kjeldeinformasjon og erfaring som Kari Hølmo Holen har som budeie, saman Guri  søskenbarn, på Lundesetra i Russli sommaren 1964, 1965 og 1966, vil foredraget ta for seg litt opplevingar og historie frå Russlisetra. Russlisetrene ligg ei mil nord for Bessetrene. Det vil elles handle om utviklinga i Sjodalen – frå seterdrift, vinterlego, bygging av veg, postombering og telefon m.m. Området var populært for fiskarar, og etter kvart vart det også populært med fotturar. På mange setre fekk folk difor overnatting og fekk kjøpe mjølk og ev mat. Dette er også grunnlaget for mange turisthytter i Jotunheimen, blant andre Bessheim.
Torsdag 2. april klokka 20.30 i peisstugu. For den som vil bestille seg treretters middag så blir denne servert frå 18.30-20.30.
  • Langfredag 3. april. Skitur til Besshø med turleiar

Langfredag har vi tur med turleiar til Besshø. Avgang frå her klokka 08.30. Fjellski. Dei som melder seg på må ha skikkeleg utstyr og ha erfaring frå litt lengre skiturar i fjellet. Utstyrsliste: gode og varme turklede, ullundertøy, vindtette ytterklede, varme vottar med vindtrekk over, vindtett og varm lue, solbriller, drikke, stor nok niste, fjellski, skismurning, feller og sitjeunderlag. Prisen er kr. 900,- per person. Påmelding på telefon 612 38 913 eller på e-post: post@bessheim.no

 

  • Langfredag 2. april. Stor påskebuffet

Stor påskebuffet med varme og kalde rettar og dessertbord. To bordsetningar, ei klokka 18.00 og ei klokka 19.45. Middagen kostar kr. 630,- per person. Halv pris for barn mellom 3 og 12 år. Bestill på telefon 61 23 89 13 eller på e-post: post@bessheim.no 

  • Langfredag 2. april. Quiz

Vi arrangerer quiz i peisstugu kl. 21.00. Meld på lag til quizmesteren frå klokka 20.45.

 

  • Laurdag 4. april. Påskeskirenn og hoppkonkurranse kl. 12.00.

Tradisjonen tru vert det også i år arrangert påskeskirenn og hoppkonkurranse. Kle deg gjerne ut! Påmelding i resepsjonen, samt ute før start. Grilling av pølser. Ansiktsmåling frå 11.30.

 

  • Laurdag 4. april. Påskekveldsfeiring!

Vi serverer treretters middag klokka 1900. Menyen er forskjellige smakar av fjellaure til forrett, filet av rein til hovudrett og blautkake, moltekrem og skryller til dessert. Levande musikk. Thomas Bakke Band spelar til dans og underhaldning frå 21.00-01.00. Dei skapar alltid god stemning, så dette blir triveleg!

Middagen kostar kr. 630,- per person. Halv pris for barn mellom 3 og 12 år. Bestilling i resepsjonen, på telefon 61 23 89 13 eller på e-post: post@bessheim.no innan klokka 22.00 kvelden før, og med atterhald om at det kan bli fullt før den tid.

 

Isfisking

Mange brukar påskedagane her i Sjodalen på isfisking. Du har mange gode fiskevatn og velja i mellom. Øvre og nedre Sjodalsvatn, Gjendeosen og nedre Leirungen er dei mest populære. Det er fin fjellaure i desse vatna. Du må ta med utstyr sjølv.  Barn under 16 år fiskar gratis og dei vaksne kan kjøpe fiskekort anten i resepsjonen eller på Vågå Fjellstyre sine fine heimesider: www.vaga-fjellstyre.no

 

Hundekjøring i Sjodalen 

Hundekjøring med slede i vintervakre Sjodalen er ei heilt spesiell oppleving! Vi har to tilbyderar av hundekjøring. Sjodalen Hyttetun ligg 18 km nord for Bessheim. Sjå www.sjodalenhyttetun.no for meir informasjon. I Randsverk held Jotunheimen Husky Lodge til, 30 kilometer nord for oss. Ved bestilling på førehand tek dei turen hit til Bessheim. Sjå www.jotunheimenhuskylodge.no

 

Påskemenyen 2026

    • Fredag 27. mars

    Bakt torsk

    Filet av haustens vilt, med grønsaker, ein god viltsaus og hasselbackpoteter

    Sjokoladetallerken

     

    • Laurdag 28. mars

    Middagsbuffet med lokale smakar og tranchering av lam frå Vågå. Dessertbord.

     

    • Søndag 29. mars

    «Ein smak av Jotunheimen». Ein tallerken med forskjellige lokale godbitar. Både fisk og kjøt.

    Dagens fisk. Lokal fjellaure, dersom vi får tak i det

    Crème Brûlée med einebærgranite

     

    • Måndag 30. mars

    Potet- og purrelauksupe

    Kokt reinskjøt servert på tradisjonelt vis med lauksaus, rotgrønsaker og potetstappe

    Ostekake

     

    • Tysdag 31. mars

    Middagsbuffet med lokale smakar og tranchering av lam frå Vågå. Dessertbord.

     

    • Onsdag 1. april

    Aurefilet med kremsaus

    Fersk torsk eller kalvefilet, valfritt

    Limepai

     

    • Skjærtorsdag 2. april

    Krema fiskesupe

    Heilsteikt hjortelår med grønsaker, bakte poteter og saus. Tranchering i spisesalen

    Sjokoladedessert

     

    • Langfredag 3. april

    Stor påskebuffet med varme og kalde rettar og dessertbord. To bordsetningar, ei klokka 18.00 og ei klokka 19.45.

     

    • Påskekvelden – laurdag 4. april (DENNE KVELDEN ER MIDDAGEN KL 1900 FOR ALLE).

    Smakar av fjellaure

    Reinsdyrfilet frå Vågå med grønsaker, viltsaus og potetstappe

    Blautkake og moltekrem med skryller

     

    • Søndag 5. april

    Grava reinsdyr med tyttebærrømme

    Oksefilet med grønsaker, poteter og saus

    Dagens dessert

     

    Prisen på middagsmenyen vår er 570 kr per person. Langfredag og påskekvelden er prisen 630 kr per person. Har du rom inkludert pensjon, er middagen inkludert i prisen. Middagen blir servert klokka 1830 – 20.30 kvar kveld, og kan bestillast per e-post på post@bessheim.no eller telefon 61 23 89 13. Det kan bli endringar i menyen.