Velkomen til Bessheim Fjellstue & Hytter

Bessheim ligg like ved Besseggen i Jotunheimen. Sentralt plassert ved fylkesveg 51, har vi sidan 1890 losjert og servert fjellvandrarar og reisande langs den Nasjonale turistvegen over Valdresflya. Her på Bessheim har vi rom, utleigehytter, leilegheiter og matservering.

Bessheim er no stengt. Vi opnar att for skisesongen 8. februar 2019, og da har vi ope fram til 19. mai.

Vi har online booking. NB: I helgene sist i august og i heile september tek vi i mot bestilling berre på heile helger. Og da må du sende ein e-post i staden for å bruke webbookingen. Vi har ledige både hytter og rom i dei populære hausthelgene enda!

Booking

Innsjekk:Utsjekk:

Overnatting

Vi tilbyr overnatting i rom, leilegheiter og i hytter her på Bessheim. I tillegg har vi ein liten campingplass.

Vi har totalt 180 senger fordelt på 27 rom og 27 hytter og leilegheiter. Inne på fjellstua har vi 64 av desse sengene.

Romma har ikkje hotellstandard, men det er oppreidde senger og dusj og toalett på dei fleste.

Hyttene har mellom 2 og 10 senger, og storleik og standard varierer mykje.

Mat

I restauranten vår serverer vi frokost, middag frå ein a la carte-meny på dagtid og ein god treretters middag om kvelden. På frokostbuffeten kan du smørje nistepakke og å få fyllt termos til dagens tur.

Kaféen er open frå klokka 11.00 til 20.30 kvar dag. Frå klokka 13.30 og utover ettermiddagen serverer vi middag frå ein a la carte-meny. Dersom du ynskjer å reserverer bord til treretters middag, tek vi gjerne i mot bestillinga di dagen i forvegen.

Tips til turar i Sjodalen og i Jotunheimen

Bessheim ligg i Sjodalen, i Jotunheimen. Øvst i Sjodalen er du på 970 meter over havet, og du er like ved tregrensa. Du har mykje å velje i når det gjeld turmål. Alt frå stutte turar til krevjande ruter til nokre av dei høgaste fjella i landet. Det tek 10 minutt å kjøre opp på Valdresflya, som ligg på 1400 m.o.h. Går du frå Bessheim og opp til Bessvatnet, kjem du til grensa til Jotunheimen Nasjonalpark. Frå her ser du majestetiske Besshø på 2258 m.o.h. På andre sida av Øvre Sjodalsvatn ser du Sikkildalshø og Heimdalshø, som også er fine turmål. På Bessheim kan du gå på tur sommar som vinter. Spør gjerne etter turtips!

Sommar

Sommarsesongen 2019 startar fredag 7. juni, og vi stengjer søndag den 6. oktober.

Det er dette som er tida for å gå Besseggen og mange andre fine fjellturar i Jotunheimen. Gjendebåten går stort sett kvar dag i denne perioden. For å finne båttidene går du inn på www.gjende.no Her og på www.besseggen.net finn du all informasjonen du treng for å gå ein av dei mest populære fjellturane i landet.

NB: Hugs at du må bestille deg båtbillett på førehand!

Vinter

Vintersesongen på Bessheim varar vinteren 2019 frå fredag 8. februar til søndag 19. mai.

Vi kjører opp skiløyper her i Sjodalen frå vi opnar i februar og til over påske. 

I april og mai er det tid for vårskiturar. Da er det ljose, lange dagar og fint å gå på 2000-meters toppar i Jotunheimen og på Valdresflya. Det blir også kjørt opp løyper oppe på Valdresflya i mai.

 

Her finn du oss

 

Du finn oss rett attmed fylkesveg  51, den Nasjonaleturistvegen over Valdresflya. Ta eigen bil, buss, eller kom til fots fra en av dei andre hyttene i Jotunheimen.

Bessheim

Besseggen

Besseggen er ein av dei mest populære fjellturane i landet. Dei fleste som går Besseggen tek Gjendebåten inn til Memurubu og går attende. Men det går fint å gå andre vegen også. Tenkjer du å gå Besseggen i sommar? Da må du bestille deg billett til Gjendebåten. Les meir. 

Bessheim ligg 5 kilometer frå brygga på Gjendesosen. Det er lurt å vera der ein halvtime før båtavgang. Sjølve kjøreturen opp til parkeringsplassen tek berre 5-6 minutt.

Haustferien -veke 40

Kvar år, sist i september og fyrst i oktober, samarbeider vi med dei andre bedriftene i Sjodalen om eit rikhaldig haustferieprogram. Det startar sist i veke 39 og varar heile veke 40.

Det er mykje fokus på reinsdyr, både levande og som råvare. Det er matkurs, foredrag, kulinariske opplevingar, reinsdyrcruise med meire.

Sjå haustprogram for Reinens Rike – veka 2018 ved å klikke på knappen under. Programmet for 2019 har vi som mål å ha klart i juni.

Frå gjesteboka

På mange fjellhytter finst det gjestebøker der gjestene kan skrive og takke for seg. Under finn du eit utdrag av desse, også frå den moderne gjesteboka TripAdvisor. Skriv gjerne du også!

Spiste fantastisk buffet med mye god mat og dessert. Vi var alle kjempefornøyde. Flott sted og hyggelig servering. I tillegg ligger Bessheim midt i fantastisk natur, med mulighet for et utall av turer både sommer og vinter. Husk også å besøk vakre Heidal.

Kva synest du om Bessheim?
Vi vil gjerne høyre meininga di. Legg gjerne igjen ei melding på TripAdvisor.

For fjellfolk av fjellfolk siden 1890

Bessætrene var tradisjonelle sætre, tilhøyrande gardar i Vågå. Frå midten av 1800-talet kom fjellvandrarane i aukande tal, eventyrlystne nordmenn og utlendingar. Det var på moten å oppdage nye og ukjende delar av landet.

Påske i Jotunheimen

Bessheim har sesong frå omlag 10. februar til 20. mai og frå 10. juni til fyrst i oktober kvart år. Frå vi opnar i februar til over påske kjører vi opp kilometervis med skispor med skuter og sporleggjar mellom Besseggen Fjellpark, Hindseter, Gjendesheim og Bessheim.

I 1907 fekk eigaren av Bessheim, Iver Storvik, 100 kroner frå den norske turistforening for å halde oppe i påska. Etter det har familien teke i mot skiglade påskegjestar kvart år. Påska på Bessheim er skiturar, mykje god mat, reinsdyret Iver,  øl i solveggen, foredrag, bålbrenning, påskeskirenn, guida turar og fest påskekvelden🌞

Påska i 2019 startar fredag 12. april og varar fram til 2. påskedag som er den 22. april. Bestill på e-post eller i webbookingen.

Velkomen til fjells!

Opplæring etter Arne Brimi sin filosofi

Opplæringskontoret Brimi-Kjøken vart starta i 2008, for å gje unge utdanning i kokkefaget etter Arne Brimi sin matfilosofi. Dette er eit samarbeid mellom reiselivsbedrifter aust i Jotunheimen. Dei tilbyr læreplassar i kokk- og bakerfaget, og lærlingane er velkomne til å praktisere på dei ulike bedriftene. Vi er ein stolt del av samarbeidet og har kvart år fleire unge lærlingar hjå oss.