På føtene: Dette er ein nokså krevjande tur, som startar på Bessheim. Du skal opp nesten 1300 høgdemeter og dei fleste brukar 7-8 timar opp og ned. Kanskje meir. Du går opp til Bessvatnet, innover langs med Bessvatn heilt til du kjem til elva som på kartet har namnet Grjotåe. Her følgjer du denne elva oppover. Her går det over frå gras og mosebakkar til stein og urd. Det er små vardar oppover.  Etter kvart kjem du opp på ‘Brua’, som er eit parti der du har Bessbreen på eine sida og det er bratt ned på andre sida. Frå her er du ikkje i tvil om kvar du skal gå, du fortset beint opp mot toppen. På toppen blir du lønna med ei fantastisk fin utsikt over heile Jotunheimen! Og det er artig å titte ned på alle som går over Besseggen.

Besshø er fjellet med rikaste turtradisjonar frå Bessheim. For meir enn hundre år sidan var det turførar dit sommarstid for å oppleve soloppgangen. Det vart servert kongepjolter, champagne og konjakk, når sola steig opp over fjellheimen. På den tida rodde føraren over Bessvatnet og oppstigninga gjekk frå Grjotåa til Brua og rett på toppen, der dagens sommarrute går. Kan også nemne at Besshø er fyrste etappe på Høgruta i Jotunheimen, ein lang og krevjande tur som går over fleire 2000-meters toppar fram til Krossbu.

På ski: Til Bessvatnet etter stikka løype. Fortsett rett fram gjennom skaret til høgre for Bessheimrundhø. Sving inn mot venstre og vestover i stigande terreng bak Bukkehø og over markert morenerygg. Sving mot høgre på moreneryggen slik at du held høgda inn på breen. Skrå opp på breen mot venstre som du kryssar diagonalt opp ein til smal rygg. Derifrå tung motbakke til toppen. Vanlegvis er det best å gå på ski heilt opp. Ver forsiktig på nedturen. Besshø har bratte stup ut på alle kantar. 7-8 timar, etter føre og form. Vi rår gjestane til å halde seg unna sommarruta til Besshø. Dette er rasfarleg område.