På føtene:

Det går T-merka rute frå Besseggen Fjellpark på Maurvangen og heilt opp på Sikkilsdalshø 1778 m.o.h. Stigen startar på campinplassen og går på skrå gjennom Hoskelia opp mot Sikkilsdalsskaret. Her kjem du til eit kryss der eine stigen går mot øvre Sikkilsdalsvatn og den andre går opp mot Sikkilsdalshø. Det er fin utsikt frå toppen. Det er bratt ned gjennom skogen på vestsida av Skålbekken til Sikkilsdalsseter.

På ski:

Utgangspunktet om vinteren er Bessheim, du kryssar Øvre Sjodalsvatn og går opp Hoskalia og opp til toppen.

Sikkilsdalsporten er turen for alle skituristar. Over øvre Sjodalen og rett opp i skaret som munnar ut i Sikkilsdalen. Frå her var det pionerane såg Sjodalen i turismens barndom da jernbana hadde nådd Vinstra og ferda gjekk opp Skåbu for å oppleve Sjodalen og Gjende.