På føtene:

Det er ikkje uvanleg å ta med seg både Besseggen, Galdhøpiggen og/eller Glittertinden på same reisa. Mange gjestar bur på Bessheim i fleire dagar, og tek dagsutflukter for å få med seg desse turane. Det tek 1 time og tre kvarter (105 km) å kjøre frå Bessheim til Juvasshytta eller til Spiterstulen. Da kjører du via Randsverk og Lom sentrum. Juvasshytta ligg 1800 m.o.h. og du må gå i eit tauglag med ein guide over Styggebreen. Oppmøte ved Juvasshytta om morgonen. For tidspunkt og informasjon om turen til Galdhøpiggen, sjå på www.juvasshytta.no Frå Spiterstulen startar du på 1100 m.o.h. Frå her går du på eigahand, for på denne ruta er det ingen bre å krysse.

På ski:

Du kan gå opp til Galdhøpiggen på ski frå Juvasshytta (1840 m.o.h). Vegen opnar 16.mai og her kan det vera bruk for vinterdekk/kjetting på denne tida av året. Ring gjerne å forhøyr deg om korleis vegen er. Det er bomveg og du kan parkere bilen på Juvasshytta. Frå Juvasshytta og opp til toppen brukar du omlag 2-2,5 time. Du kan ta på deg skia ved hytta og gå på ski heilt opp på toppen. Men dei fleste tek av seg skia og går på føtene frå morena på Styggebrean og opp Piggeura. Dette er den mest krevjande etappen, men det er stort sett fint føre opp her på denne tida. Gamasjar er lurt, for ofte er det nysnø. Ynskjer du å gå før den 16.mai, må du gå frå Raubergstulen 1100 moh. Berekn 2,5 time ekstra opp om du vel å gå før vegen opnar.

OBS: Det er ikkje stikka løype! Hugs kart og kompass, veret kan skifte utruleg fort på høgfjellet.