På føtene:

Denne ruta går langs med fjellvatnet Gjende, frå Gjendesheim til Memurubu. Eller omvendt. Gjende ligg inne i Jotunheimen Nasjonalpark. Dette er ein lettare tur enn Besseggen, for det er ikkje så store høgdeskilnadar. Det må reknast omlag 4 timar, kanskje meir. Denne turen går i eit landskap med frodig flora. Den rikaste blomstringa er i midten av juli. Da kan du finne orkidear her, men langt tidlegare blømer liljekonvallen. Gjendebåten går i rute på Gjende, og eine vegen kan du nyte den fine båtturen inne i Jotunheimen Nasjonalpark.

Vil du gå frå Bessheim går du den T-merka ruta over Gjendehalsen til Gjendeosen og går innover langs med Gjende frå her.

På ski:

Alternativet her er å gå på isen innover på fjellvatnet Gjende. Isen her legg seg ikkje før i januar eller februar, og han blir utrygg forholdsvis tidleg. Så gå etter stikka løype og spør folk som er kjende.