På føtene:

Frå Bessheim går du opp til Bessvatnet. Det er 400 høgdemeter opp dit, og ein vaksen person brukar ca ein time. Turen opp hit er nokså bratt. Turen går opp den gamle seterkvea her på Bessheim, beint oppover. Etter eit stykke går stigen meir til venstre, og du kjem etter kvart opp og bortover mot elva Bessa. Resten av turen går stigen langs med Bessa opp til Bessvassosen. På denne turen får du fin utsikt over heile Sjodalen nedanfor deg. Når du kjem opp til Bessvatnet er det fin utsikt til det mest majestetiske fjellet i Jotunheimen, Besshø 2258 m.o.h. Litt over halvvegs går du forbi nokre kulpar i elva som er fine å bade i.

Ved Bessvassosen kryssar du brua over Bessa og går nedover til Gjendeosen. Det tek kanskje ein time å gå ned dit. Det er open kafe både på Gjendesheim Turisthytte og på Gjendeosen Kiosk og Parkering heile dagen. Frå Gjendeosen til Bessheim att går stigen over Gjendehalsen. Opp frå Gjendeosen er det fyrst oppoverbakke eit stykke, og så er det slak nedoverbakke på skrå heile turen ned til Bessa ved fylkesveg 51. Siste stubben går du langs med vegen.

På ski:

Følg den stikka løypa opp til Bessvatn. Vidare er det kvista ned att til Gjendesheim. Fram hit er det berre kvista, ikkje kjørt spor. Over Gjendehalsen er det kjørt skiløype med snøskuter og sporleggar.