Besseggen

Besseggen er ein av dei mest populære fjellturane i landet. Dei fleste som går Besseggen tek Gjendebåten inn til Memurubu og går attende. Men det går fint å gå andre vegen også. Tenkjer du å gå Besseggen i sommar? Da må du bestille deg billett til Gjendebåten. Les meir. 

Gjendebåten og dei andre turistbedriftene her i Sjodalen har saman ei fin heimeside med informasjon om turen over Besseggen. Her finn du fleire gode tips. Les meir om Besseggen på http://besseggen.net/

Ei alternativ rute er å gå frå Bessheim, opp til Bessvatnet og innover langs med Bessvatnet på høgre sida. Etter 7 km kjem du til Bandet, som er det smalaste partiet mellom Gjende og Bessvatn. Her kjem du inn på stigen frå Memurubu, og du startar oppstigninga av Besseggen. Når du har gått opp heile Besseggen kjem du til høgaste punktet, Veslfjellet, 1743 m.o.h. Eit stykke etter toppen deler stigen seg, og du går ned til venstre, mot Bessvassosen. Her kryssar du brua over elva Bessa og går ned att til Bessheim.

Turen over Besseggen vart kjend fordi Henrik Ibsen skreiv om «Gjendin-eggen» i skuespelet om Peer Gynt. » Besseggen med Bessheim som utgangspunkt har ei historie som er eldre enn Gjendebåten (1906) og dagens rute mellom Memurubu og Gjendesheim. Gjestene vart rodde frå Bessvassosen til Bandet og turen gjekk over Besseggen og Veslfjellet, så ned til Bessvatnet og heimatt hit. Den varda stigen frå Memurubu til Bessheim var faktisk den første ruta som vart merka av DNT, i 1874.

Gjendebåten

Gjendebåten går i rute mellom Gjendesheim, Memurubu og Gjendebu.

Rutetidene finn du på heimesida www.gjende.no Her finn du mykje nyttig informasjon. 

Nå i år er det lansert bookingsystem på Gjendebåten. Du må hugse å bestille båtbillett på førehand. Gå inn på heimesida til Gjendebåten: www.gjende.no/rutetider