Om Bessheim Fjellstue & Hytter
Bessheim har vore tilhaldsstad for fjellturistar sidan siste halvdel av attenhundretalet, då Kari Storvik byrja å tilby overnatting og mat til fjellfarande på sætra si. Ho fekk sett opp fyrste hovudbygningen her i 1890. Sidan det har familiebedrifta vore i stadig utvikling, frå sæter til moderne fjellstove i Jotunheimen.
Kari og Bjørn
Vertskapet på Bessheim er Kari Lund og Bjørn Ekerbakke. Kari er oppvaksen på garden Nordgard Storvik i Vågå. Bessheim var opprinneleg sæter til Nordgard Storvik. Da ho voks opp, var det besteforeldra Kari og Knut Lund som dreiv Bessheim. I 2005 overtok Kari og søskenbarnet Ragnhild Sjurgard drifta av fjellstova. Dei dreiv saman heilt til Ragnhild valde å bli gardbrukar i Lom hausten 2016.
Sidan 2011 har Bjørn vore ein del av vertskapet. Bjørn er frå Skammestein i Valdres og er utdanna kokk. Han har drive med fjellturisme gjennom mange år. Før han kom til Bessheim, var han vert på Haugseter Fjellstue, som ligg ved Jotunheimvegen, på andre sida av Valdresflya.
Kari
Bjørn
Kari og Ragnhild
Historie
Bessætrene var tre tradisjonelle sætre tilhøyrande gardar i Vågå, blant anna garden Nordgard Storvik. Frå midten av 1800-talet kom fjellvandrarane i aukande tal, eventyrlystne nordmenn og utlendingar. Det var på moten å oppdage nye og ukjende delar av landet.
Med hjuldamparen Skibladner på Mjøsa og utbygging av Dovrebanen gjennom Gudbrandsdalen, kom Jotunheimen nærmare reiselystne. Mange kom gjennom Sikkilsdalen til Sjodalen og Gjende. Sætrene ved øvre Sjodalsvatn låg lagleg til for den som søkte husrom.
Gjennom åra skifta to av sætrene identitet til turistbedrift. Den fyrste bygningen som var bygd for turistar, stod ferdig i 1890.
I meir enn 100 år gav Bessheim tilhald for både husdyr og turistar, men økonomisk fekk turismen stadig meir å bety. Tidleg på 1960-talet var det slutt for ku og geit. Bessætra hadde vorte Bessheim. Fleire av husa som er i bruk i dag, har vore med frå sæterlivet, eldst er truleg Sandnesstugu. I dag framstår ho som ei moderne hytte, men gamle tak og vegger fortel om ei lang historie.
Gjennom fleire generasjonar har familien vore vertskap for farande folk på Bessheim. Tippoldemor til dagens vertinne heitte Kari Storvik. Ho var den som tok tak for å legge til rette for turistar her på Bessheim. Ho bygde eit hotel på setera si i 1890. Fyrst på 1900-talet overtok sonen hennar, Iver Storvik, Bessheim. Han var vert her til i 1948, saman med Gudrun. Dotter deira, Kari, overtok da saman med mannen sin, Knut Lund. Det var dei som bygde opp Bessheim til det det er i dag, med 27 utleigehytter og 64 senger inne i hovudbygningen. Dei har tre ungar, Kåre, Grete og Aase.
Barnebarna til Kari og Knut; søskenbarna Kari og Ragnhild overtok som vertskap i 2005. I dag er det Kari Lund som eig og driv Bessheim, saman med Bjørn. Men resten av familien kjenner framleis sjølvsagt stor tilknytning til staden. Dei hjelp til og stiller opp som vertskap når det trengs.