Påske i Jotunheimen
Frå vi opnar i februar til over påske kjører vi opp kilometervis med skispor med skuter og sporleggjar mellom Besseggen Fjellpark, Hindseter, Gjendesheim og Bessheim.
I år 1901 fekk eigaren av Bessheim, oldefar Iver Storvik, 100 kroner frå Foreningen for Ski – Idrettens Fremme (Skiforeningen i dag) for å halde oppe i påska. Etter det har familien vår teke i mot skiglade påskegjestar kvart år. Påska på Bessheim er skiturar, mykje god mat, reinsdyret Iver, øl i solveggen, foredrag, bålbrenning, påskeskirenn, guida turar og god stemning påskekvelden🌞
Vidare følgjer det rikhaldige påskeprogramet og ein spanande påskemeny.
Velkomen til fjells!
Påskeprogram 2025
NB: Vi arbeider med programmet. Håpar å ha det klart i desember 2024. Men påskemenyen er klar!
- Laurdag 12. april. Middagsbuffet og levande musikk
Middagsbuffet med lokale smakar og tranchering av lam. Dessertbord. Gjestene kan gå til bords kva tid dei vil mellom 18.30 og 20.30. Middagen kostar kr. 540,- Halv pris for barn mellom 3 og 12 år. Hugs å bestille bord på førehand. Levande musikk, Svein Rune, Thomas og Knut Erik spelar til dans og underhaldning.
- Søndag 13. april. Quiz
Vi arrangerer quiz i peisstugu kl. 21.00. Meld på lag til quizmesteren frå klokka 20.45.
- Tysdag 15. april. Middagsbuffet og besøk av vinimportøren Bertil & Martens
Middagsbuffet med lokale smakar og tranchering av lam. Dessertbord. Den lokale vinimportøren Bertel & Martens frå Otta presenterer eit utval av vinane sine under måltidet. Gjestene kan gå til bords kva tid dei vil mellom 18.30 og 20.30. Middagen kostar kr. 540,- Halv pris for barn mellom 3 og 12 år. Vin kjem utanom. Hugs å bestille bord på førehand.
- Onsdag 16. april. Foredrag
Foredrag
Onsdag 16. april klokka 20.30 i peisstugu. For den som vil bestille seg treretters middag så blir denne servert frå 18.30-20.30.
- Torsdag 17. april. Ut på båltur
Vi lagar bålplass ikkje langt frå Bessheim. Vi går på ski eller truger dit. Det blir bål med varm saft og pølsegrilling. Passar for både barn og vaksne. Oppmøte i resepsjonen klokka 11.00.
- Torsdag 17. april. Skitur til Sikkilsdalshø med turleiar
Skjærtorsdag vil Ulf Ryen vera turleiar til Sikkilsdalshø. Avgang frå Bessheim klokka 09.00. Fjellski. Dei som melder seg på må ha skikkeleg utstyr og ha erfaring frå litt lengre skiturar i fjellet. Utstyrsliste: gode og varme turklede, ullundertøy, vindtette ytterklede, varme vottar med vindtrekk over, vindtett og varm lue, solbriller, drikke, stor nok niste, fjellski, skismurning, feller og sitjeunderlag. Prisen er kr. 600,- per person. Påmelding seinast dagen før på telefon 612 38 913 eller på e-post: post@bessheim.no
- Langfredag 18. april. Skitur til Besshø med turleiar
Langfredag vil Jon Sjurgard vera turleiar til Besshø. Avgang frå her klokka 08.30. Fjellski. Dei som melder seg på må ha skikkeleg utstyr og ha erfaring frå litt lengre skiturar i fjellet. Utstyrsliste: gode og varme turklede, ullundertøy, vindtette ytterklede, varme vottar med vindtrekk over, vindtett og varm lue, solbriller, drikke, stor nok niste, fjellski, skismurning, feller og sitjeunderlag. Jon er ein ivrig fjellkar som er veldig godt kjent i Jotunheimen. Han deler gjerne av kunnskapen sin om fjellet. Prisen er kr. 600,- per person. Påmelding seinast dagen før på telefon 612 38 913 eller på e-post: post@bessheim.no
- Langfredag 18. april. Stor påskebuffet
Stor påskebuffet med varme og kalde rettar og dessertbord. To bordsetningar, ei klokka 18.00 og ei klokka 19.45. Middagen kostar kr. 580,- per person. Halv pris for barn mellom 3 og 12 år. Bestill på telefon 61 23 89 13 eller på e-post: post@bessheim.no
- Langfredag 18. april. Quiz
Vi arrangerer quiz i peisstugu kl. 21.00. Meld på lag til quizmesteren frå klokka 20.45.
- Laurdag 19. april. Sledetur med reinane Iver og Nils
Reinsgjetarane i Vågå Tamrein, Jørn Slettom og Ola Vaagaasarøygard, stiller med reinane Iver og Nils og slede. Du såg dei kanskje i NRK-serien «Gjeterar i Jotunheimen»? Bli med og kjør ei lita runde på isen på Øvre Sjodalsvatnet! Passar for barn. Møt opp kva tid du vil frå klokka 11.00 til klokka 14.00. Kroner 100,- per person.
- Laurdag 19. april. Påskeskirenn og hoppkonkurranse kl. 12.00.
Tradisjonen tru vert det også i år arrangert påskeskirenn og hoppkonkurranse. Kle deg gjerne ut! Påmelding i resepsjonen, samt ute før start. Grilling av pølser og varm saft. Ansiktsmåling frå 11.30.
- Laurdag 19. april. Påskekveldsfeiring!
Vi serverer treretters middag klokka 1900. Menyen er forskjellige smakar av fjellaure til forrett, filet av rein til hovudrett og blautkake, moltekrem og skryller til dessert. Levande musikk. Middagen kostar kr. 580,- per person. Halv pris for barn mellom 3 og 12 år. Bestilling i resepsjonen, på telefon 61 23 89 13 eller på e-post: post@bessheim.no innan klokka 22.00 kvelden før.
Isfisking
Mange brukar påskedagane her i Sjodalen på isfisking. Du har mange gode fiskevatn og velja i mellom. Øvre og nedre Sjodalsvatn, Gjendeosen og nedre Leirungen er dei mest populære. Det er fin fjellaure i desse vatna. Du må ta med utstyr sjølv. Barn under 16 år fiskar gratis og dei vaksne kan kjøpe fiskekort anten i resepsjonen eller på Vågå Fjellstyre sine fine heimesider: www.vaga-fjellstyre.no
Hundekjøring i Sjodalen
Hundekjøring med slede i vintervakre Sjodalen er ei heilt spesiell oppleving! Vi har to tilbyderar av hundekjøring. På Sjodalen Hyttetun, 18 km nord for Bessheim, er det hundekjøring i torsdag – søndag i palmehelga, skjærtorsdag, langfredag, påskekvelden og 1. påskedag. Sjå www.sjodalenhyttetun.no for meir informasjon. I Randsverk held Jotunheimen Husky Lodge til. Ved bestilling på førehand tek dei turen hit til Bessheim. Sjå www.jotunheimenhuskylodge.no
Påskemenyen 2025
- Fredag 11. april
Bakt torsk
Filet av haustens vilt, med grønsaker, ein god viltsaus og hasselbackpoteter
Sjokoladetallerken
- Laurdag 12. april
Middagsbuffet med lokale smakar og tranchering av lam frå Vågå. Dessertbord.
- Søndag 13. april
«Ein smak av Jotunheimen». Ein tallerken med forskjellige lokale godbitar. Både fisk og kjøt.
Dagens fisk. Lokal fjellaure, dersom vi får tak i det
Crème Brûlée med einebærgranite
- Måndag 14. april
Dagens supe
Kokt reinskjøt servert på tradisjonelt vis med lauksaus, rotgrønsaker og potetstappe
Brunostkake med bærmousse
- Tysdag 15. april
Middagsbuffet med lokale smakar og tranchering av lam frå Vågå. Dessertbord.
- Onsdag 16. april
Aurefilet med kremsaus
Fersk torsk eller kalvefilet, valfritt
Limepai
- Skjærtorsdag 17. april
Krema fiskesupe
Heilsteikt hjortelår med grønsaker, bakte poteter og saus. Tranchering i spisesalen
Sjokoladedessert
- Langfredag 18. april
Stor påskebuffet med varme og kalde rettar og dessertbord. To bordsetningar, ei klokka 18.00 og ei klokka 19.45.
- Påskekvelden – laurdag 19. april (DENNE KVELDEN ER MIDDAGEN KL 1900 FOR ALLE).
Smakar av fjellaure
Reinsdyrfilet frå Vågå med grønsaker, viltsaus og potetstappe
Blautkake og moltekrem med skryller
- Søndag 20. april
Grava reinsdyr med tyttebærrømme
Oksefilet med grønsaker, poteter og saus
Dagens dessert
Prisen på treretters middagsmenyen vår er 540 kr per person. Langfredag og påskekvelden er prisen 580 kr per person. Har du rom inkludert pensjon, er middagen inkludert i prisen.
Det kan bli endringar i menyen.
Middagen blir servert klokka 1830 – 20.30 kvar kveld, og kan bestillast per e-post på post@bessheim.no eller telefon 61 23 89 13.